Lillesand på sitt beste - i september!

Publiseringsdato: Sep 11, 2011 10:28:12 PM

Midt mellom fleire dagar med regn og vind dukkar det opp ein nydeleg seinsommardag som vi er så heldig å treffe på. Godt å bekrefte at Lillesand er meir enn juni, juli og august. 

8. september gjekk turen til Saltholmen - to båtar for segl, og to for årer. Ved naustet på Saltholmen hadde vi vår faste rast med deling av kaker, kjeks og sjokolade. Garantert positivt kaloriutbytte, tross mange tunge åretak! På returen delte vi oss: Stein Erik m/fru runda Skauerøya og traff ein voldsom motsstraum inn mot Skallefjorden. Resten tok strake vegen mot Grunnesund, og derifrå inn mot Lillesand.