Om Blåhø

Blåhø ligg på grensa mellom Vågå, Sel og Dovre og er på 1618 m. Frå Dovre-sida blir fjellet kalla Jetta. Vole, som ligg på vegen opp til Blåhø, er kjent som startpunkt for hang- og paraglidere.

Når du kjem opp på Blåhø opnar det seg eit fantastisk utsyn. I aust openberar Rondane seg. Dette er Norges eldste nasjonalpark, og er eit flott skue.

Følgjer du solgangen frå Rondane kjem du fort ned mot Selsvollane - norges kornkammer. Her buktar Lågen seg nedover dalen, til den møter Ottaelva ved Otta.

Vidare mot søraust og sør finn du dei slake fjelle ned mot Gausdal Vestfjell og Ormtjerkampen nasjonalpark.  Oppover mot Skåbu, med Heidalsmueen sentralt plasert i landskapet.

Sikkilsdalshø, Heimdalshø, Bitihorn og Synshorn, finn du i sør, før du festar augo på Gjendealpane. Her kneisar totusenmeterstoppane tett i tett. Du har kome inn i Jotunheimen nasjonalpark. Munken, Kntutsholtind, Tjørnholstind, Surtnigshui (Vågås høgste fjell 2368m),  Besshø, Nautgardstind, Glittertind, Galdhøpiggen og mange, mange fleir. 29 av Norges høgste fjell ligg i dette området frå Gjende, mot Bygdin og vidare over mot Sogn og Fjordane. Den 30. høgste finn du om du vendar deg mot nord og ser inn i Dovrefjell nasjonalpark. Der ligg Snøhetta som rager 2286 moh.

Mellom Jotunheimen og Dovrefjell nasjonalpark finn du den nye Reinheimen nasjonalpark. Denne strekkjer seg frå Skjåkfjella over mot Lesja / Tafjord og ned mot Møre og Romsdal. Her er noko av det beste området for villrein, med ei stamme på godt over 2000 dyr. Dette er og eit fantastiskk fjellområde, kanskje best kjent av jegere.

Alt dette og mykje meir kan du skue inn i, frå toppen av Blåhø. Godt å la auga kvila på noko så vakkert når du har kjempa deg gjennom BlåhøOpp.

Ved starområdet i Vågåmo kan du sjå rett opp på Jutulporten. Der inne bur Jutulen frå sagnet om " Jutuln og Blessomen".

Den fine Vågåkyrkja ligg og midt i Vågåmo sentrum. Den er ombygd på 1600 talet, men store deler av kyrkja er frå 1100 talet, og er absolutt verd eit besøk.

Comments