Velkommen til Blåhø Opp

Blåhø Opp 1. juli 2017 skiftar litt karakter for dei som deltek i 15 km løp / sykkel. Starten vil i år gå føre seg i sentrum. Nærare bestemt i området Bokhandelen kafe / Veistadhjørnet. For sykkel vil ikkje traseèn bli endra, utover dei ekstra 250 m i sentrum. For løpet vert det nå ein anna trase`dei første 6 km.
Etter å ha pasert på baksida av Vågå hotell, vil løpet bli pensa inn på den gamle Øygardsvegen, og følje den opp til Blessom gard.
Her vil løpet gå ut på ein gamal og dels svært bratt  stig.
Etter omlag 1 km går det over til noko snillare terreng der ein føljer ein gamal veg / nedfartsløype for tidlegare skitrekk. Denne kjem inn på vegen att like ned for starten av 9 km.
Herfra er er det vegen fram til toppen.
9 km og 15 km løp , vert prioritert likt når det gjeld premiering. 9 km mosjonsløp på tid går ut av programmet. Det vert berre konkurranse og trimklasse på 9 km
Vi håper dette vil  gje BlåhøOpp eit løft, og at mange tek turen til Vågå 1 juli. Da er det og 10 årsjubileum og alle som deltek får 10 års BlåhøOpp medalje.
Trimkasse Vågåmo / Jettjønn går ut. Trimklasser 15 km og 9 km består.
Premiering etter gjeldande reglar. Vinnarane i sykkel / løp 15 km og 9 km konkurranse får kr. 2500.
Det vert ikkje premiering for rekordar i 2017, slik det ser ut nå
Om vi får det til, skal vi prøve å legge ut ei dronefilming av den nye løypa opp frå Vågå.
Hugs også at løpet inngår i TrippelUpp, saman med Lomseggen Upp og FlækkøyhøeUpp.
Følg med. Det er lov å melde seg på nå folkens




2017. 1 juli er det. BlåhøOpp
Nytt 2015:   Trippel Upp. Ottadalen.
Flækkøyhøe Upp,  Lomseggen Upp og BlåhøOpp samarbeider om årets trippel.
Samanlagtvinnar i dame og herreklasse i dei tre løpa vinn premiepengar.
For BlåhøOpp gjeld  dette for dei som deltek i trim 9 eller 15 km, og konkurranse løp 9 eller 15 km
Premieutdeleing på BlåhøOpp i Vågå1 juli.
Alle som deltek i dei tre løpa i trim eller konkurranse, får TrippelUpp medalje
Vi ønskjer velkommen til Blåhø Opp i 2017 . Dato 1 juli
 
 
 
Under BlåhøOpp vil Sjårdalen i.l. leggje tilrette for at funksjonshemma kan delta i løpet.
Vi vil avpasse distansane etter graden av hemming, men vil helst at alle som deltek, når opp til toppen.
Vi ser for oss at blinde og svaksynte kan følje dagens distansar. Sjølvsagt da med ledsager.
Tandemsykling ligg det også godt tilrette for.
For rullestolbrukarar må vi finne ei passeleg lengde som dei fleste kan mestre, men når ein ser kva dei 
maktar i " Ingen grenser" og ikkje minst under handicap ol, så vil vi sikkert finne ei løysing.
Vi er svært nysgjerrige på kva dei funksjonshemma sjølve ønskjer, og vil gjerne få attendemeldingar på kva slags ønskjer
denne gruppa har.
Ta kontakt med Magnar Bakke på tlf. 48152826 eller e-post bakkmar47@gmail.com for å leggje fram synspunkt på dette.



BlåhøOpp har 5 års jubileum i 2012
Vi vil markere dette med å lage ei større og finare medalje til utøvarane.  Vi vil også lage ein 5 års pokal i ein spesiell utsjånad.
Alle som har gjennomført 9 eller 15 km, eller ein kombinasjon av desse, kan kjøpe denne pokalen. For sykkel er det fyrst i 2013 at 
det er 5 års jubileum, men ein kombinasjon av sykkel og løp, vi også gjelde på 5 års pokalen

Kr. 325,-

 
 
Vi satsar på å få alle som ynskjer det til å «Nå Toppen»

Dei som vil gå eller jogge frå Vågåmo utan tidtaking, skal få moglegheit til dette. Vi set som betingelse at dei startar frå Vågåmo kl 9.00.
Startnummer får dei kjøpt same dagen, på rennkontoret ved Vågå Hotel.
Vi vil ha så mange som mogleg med på dette og håpar at mange tek utfordringa. Alle som når til topps får t-skjorte og medalje. Dei får og nyte den fantastisk flotte utsikta frå Blåhø, og kan også være med å skape ei kjempestemning ved målgang, for løpere og syklister.
Starkontingent for trim er sett til kr 150,-


Premiering
Alle klassevinnere + tredjedel av startende i kvar klasse får: BlåhøOpp premie (dette gjeld konkurranseklasse for 9km løp, 15 km løp og sykkelklasser 15 km)
Totalvinnere for damer/ herrer på 15 km løp og 15 km sykkel får kr 1500,- i premie (beste tid for dame og herre løping og sykkel)
Eventuell ny rekord blir premiert med kr. 5000,-
Alle som deltek og når toppen av Blåhø får også: Blåhømedalje og t-skjorte med BLÅHØ OPP logo


Rekorder på 15 km løp og 15 km sykkel
Sykkel herrer: Åsmund Løvik       56,12
Sykkel damer: Mari Trønnes     1.14.10
Løp herrer: Johan Bugge          1,10,18
Løp damer: Anita Håkenstad Evertsen 1.16.04

Presseoppslag på løpet
 
Hovudsponsor 2017:



Andre sponsorar:
     









     
















Comments