Om meg

Halar autoline på fiskebankane kring Shetland 

medan eg framleis var ung og vakker

 

 

Eg er seniorforskar på Samfunns- og næringslivsforskning ved NHH (SNF), med ei doktorgrad i samfunnsøkonomi frå NTNU i 2012.

Forskingsmessig gjer eg mykje rart.

Som ungdom starta eg ut som kommuneforskar, og forskinga mi på dette temaet har blitt publisert på stader som Public Choice og European Journal of Political Economy.

Sidan eg kom til NHH har skattar, og særleg fleirnasjonale bedrifter, vore eit av mine sentrale forskingstema. Skatteforskinga har reint akademisk vore min største suksess, med fine publiseringar innan samfunnsøkonomi og reiknskapsføring, i til dømes Econometrica,  The Accounting Review og European Accounting Review.

I seinare tid har eg dreia forskinga i retning av miljø- og ressursøkonomi og starta likesågodt ut med å lage ein liten maskinlærings-review av litteraturen som vart publisert i Environmental and Resource Economics. I tillegg er eg med på eit prosjekt der vi har kartlagt kva forskarar meiner er dei største truslane mot det marine miljøet. Til no har dette resultert i ein publikasjon i Marine Policy. Planen for arbeidet innan miljø og ressurs er først og framst å produsere fiskeriforsking, her kjem det vonaleg noko handfast å skrive om snart, men eg er òg med i eit større prosjekt om drikkevatn, der målet er å spreie både vannvittigheiter og vannkunne i von om å ein gong motta velfortent vannære. Til no har dette ført til publikasjonar i Water Resurce and Economics og  Journal of Water and Health.

Ein gong for lenge sidan styrte eg litt med åtferdsøkonomi. Det var aldri mitt felt, men det kom no eit par papers ut av det, eit i Journal of Behavioral and Experimental Finance og eit i The B.E. Journal of Economic Analysis & Policy.

Hovedmålet med forskinga mi er å nytte innsikter frå økonomisk teori og økonometri til å studere relevante samfunnsspørsmål. Dette har ført meg inn i eit felt som sjeldan vert vitja av samfunnsøkonomar: facilities management (beste oversetjing er "eigedomsforvaltning", men facilities management er eigentleg langt breiare). Innan dette feltet har eg studert saker som årsaker og konsekvensar av dårleg vedlikehald av kommunale bygningar, og utvikla modellar for optimale vedlikehaldsstrategiar. Forskinga mi på dette feltet har ført til mange publikasjonar, på stader som Building Research & Information, Facilities og Journal of Facilities Management. Denne forskinga er av stor interesse for politikkmakarar, og eg vert ofte invitert med på møter og konferansar. Eit lite høgdepunkt i så måte er denne veldproduserte videoen av meg i aksjon på Utdanningsdirektoratets konferanse om fysisk læringsmiljø i oktober 2017.

Email: arnt.hopland(at)nhh.no.