Om Osdals Catering

Osdals Catering

Har base på Rotset i Volda. Prestegata 29 (gamle shell). Er eigd og drive av Stian Osdal.

Som det kjem fram av namnet på selskapet, så handlar dette om tilbereiing og levering av mat i store og små samanhengar. Osdals Catering tek på seg å levere profesjonell kvalitetsmat for alle høve. Her kan ein til dømes nemne: overtidsmat, bryllaup, klassefestar, gravferder, heimefestar, firmafestar, konfirmasjonar, julebord, barnedåp og årslag.


Det manglar ikkje på erfaring hjå dei involverte i selskapet. I selskapet er det kokkar som har jobba innan kokkefaget i ei årrekkje, så service og kundebehandling kjem som eit naturleg fylgje av det. Alt er i trygge hender om du vel oss til levering av mat.


Maten vert laga etter alle kunstens reglar og etter strenge krav på eit storkjøkken, med alle innreiingar til stades. Kjøkenet er sjølvsagt godkjent av mattillsynet.


Maten vert frakta til kunden kun etter avtale.


Vi ser ikkje for oss nokre geografiske grenser, men vil i fyrste omgang konsentrere oss om den næraste regionen. Etterspurnaden er nemleg stor.

Osdals Catering legg sitt gode namn og rykte i å vere profesjonell når det gjeld kvalitet, service, oppfylgjing og kundebehandling, og vil stå til teneste med det meste.


Som ei omskriving av setninga "kunden har alltid rett", likar vi å seie at "kunden skal alltid bli mett".

God apetitt og velbekomme!


Helsing oss på Osdals Catering AS


Tlf: 900 18 324