Kvardagsglimt i bilete


SFO feira den store grautdagen 23. oktober.


Veke 42 og 43 hadde vi fjordveke på SFO. Vi såg på livet i havet og flo og fjøre. Vi var fleire turar til badestranda på Sæbø og langs fjorden. Skjella og sanden vi samla var fine å bruke til kunstverket vi laga til SFO. Alle teikna og klipte ut noko som lev i havet.


Veke 44 var vi miljøagentar. Vi plukka søppel og lærte om sortering , forbruk, gjenbruk og matsvinn.

Borna hadde på seg "søppelbrillene" sine og fann mykje søppel ute i naturen.


Halloween

Sola når no nesten berre fjelltoppane på Sæbø, men inne har vi sol heile dagen.