Sæbø skule

Tlf kontor: 47 66 83 79

Tlf SFO: 47 70 68 59

E-post: saboskule@orstaskulen.no

Rektor: Oddvar Aalde - saborektor@orstaskulen.no

Ny assisterande rektor på Sæbø skule.

Ingrid Krogsæter er tilsett som assisterande rektor på Sæbø skule f.o.m 1.desember. Ingrid er 25 år, busett i Volda og utdanna grunnskulelærar frå Høgskulen i Volda. Som student hadde ho praksis på Sæbø skule og inngikk i leiarteamet under skuleovertakinga. Ingrid kjem frå stilling som lærar i Volda kommune og vi er veldig glade for å ha ho tilbake på Sæbø, nå som assisterande rektor.

Henning Nygård startar som assisterande rektor på Ørsta U.skule f.o.m 1.desember. Vi ønsker han lukke til i den nye jobben!




Skulefoto

Martha Lystad kjem tysdag 19.november for å ta skulefoto av klasser og av kvar enkelt elev. 10.klasse tek bilde fredag 22.november (+ dei som ikkje var på skulen tysdag)

Temadag og foreldremøte tysdag 12. november

Tysdag 12. november hadde Pål Inge Olsen (politi) og Annelin Moe foreldremøte om temaet livsmeistring og den digitale kvardagen til barn og unge. Vi håper og trur at dei som møtte fekk mykje nyttig informasjon fra politiet, og at foreldra har eit betre grunnlag til å samtale med borna sine om dette heime.


Symjinga på Bjørke er i gang igjen!

Etter ei tid med renovasjons-arbeid er bassenget på Bjørke opent, og vi har starta med symjing kvar torsdag.

Sjå oppsettet her: Symjing 19/20