Skulemiljø
Plan for trygt og godt skulemiljø
Skulemiljøtiltak lokalt
Årshjul for skulemiljø
Rett til trygt og godt skulemiljø
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring
Skulen har ansvar for at alle elevar har eit trygt og godt skulemiljø. Skulen har også ansvar å førebyggje og handtere mobbing og andre krenkingar. Dette gjeld også i andre aktivitetar i skulen sin regi.
Nulltoleranse mot mobbing
Stortinget vedtok i mai 2017 endringar i opplæringslova for å styrke rettigheitene til elevar som vert krenka. Nulltoleranse mot mobbing, vald, diskriminering og trakassering er no lovfesta. Dersom ein elev meiner at han eller ho ikkje har det bra på skulen, skal rektor og andre som jobber på skulen ta dette alvorlig.
Aktivitetsplikt for skulane
Dei nye reglene om skulemiljø innebærer en aktivitetsplikt for skulane. Alle som jobbar på skulen skal følgje med om elevene har et trygt og godt skolemiljø, og de skal gripe inn overfor mobbing og krenkelser. Dersom nokon som jobbar på skulen mistenkjer eller kjenner til at en elev ikkje har det bra på skulen, skal rektor varslast.
Skulen skal snarast muleg undersøke saka og sørgje for at involverte elever vert høyrde. Skulen skal deretter sette inn eigna tiltak for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø.
Skjerpa aktivitetsplikt dersom ansatte krenkjer elever
Dersom ein som jobbar på skulen får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som jobber på skulen utset ein elev for krenkingar, skal vedkomne straks varsle rektor. Rektor skal varsle skuleeigar.
Ta kontakt med skulen!
Ta kontakt med skulen dersom bornet ditt ikkje er nøgd med skulemiljøet. Be om eit møte med kontaktlærer og/eller rektor. Du kan ringe eller sende e-post. Skulen er forplikta til å svare raskt.
Plan for skulemiljø
Vartdal skule har gjennom hausten 2017 oppdatert sin plan for å sikre at §9A i Opplæringsloven blir overholdt. Planen tar sikte på å forebygge krenkelser og sørge for et godt og trygt skolemiljø for alle (22.03.18)
Relevante nettstadar
Kva bør du gjere?
Om ditt eller andre born ikkje har eit trygt og godt skolemiljø:
- Ta kontakt med skulen. Du kan ringe eller sende e-post
- Be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor
Skulen er forplikta til å svare raskt. Om du er misfornøgd med skulen si behandling av saka, kan du henvende deg til fylkesmannen. Barneombudet har ein eigen mal/skjema der du kan fylle inn din klage.