Skulefritidsordning

Informasjon

Dei ulike tilboda

Kontakt

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilde behov på 1.-7. årstrinn. Skulefritidsordninga skal leggje til rette for fysisk aktivitet, leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna. Skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma born skal ha gode vilkår for utvikling. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Ørsta kommune praktiserer bindande påmelding. Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod finansiert av foreldrebetalinga (9 1/2 månad).

For feriane gjeld eigne satsar og særskilt påmelding. Også her vert ordninga finansiert av foreldrebetalinga.

Sjå påmeldingskjema for detaljar.

Rektor er øvste ansvarlege, men dei største SFO-ane har SFO-koordinator.

Du søkjer om SFO i Oppvekstportalen, her kan du også gjere endringar og seie opp SFO.

SFO info

SFO koordinator: Gunn Brandal

Telefon: 992 86 980

Epost: gunbra@orstaskulen.no