skulehelsetenesta

e-post: monica.helen.matinda@orstaskulen.no

tlf: 91 53 55 46

tlf helsestasjonen: 700 49 860

@orstaunghelse

Monica Helen Warberg Matinda er vår helsesjukepleiar.

Ho er på skulen kvar tirsdag, onsdag og torsdag.

Torsdagar kl. 13:00-14:30 er det åpen dør for elevane. Då kan ein komme utan avtale på førehand.

Generell info:

Skulehelsetenesta er ei lovfesta teneste som er forankra i Helse-og omsorgstenestelova(av 24.06.11), og i Forskrift om kommunen sine helsefremjande og førebyggande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste, samt i Veileder for skulehelsetenesta.

Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod for elevane. Skulehelsetenesta ynskjer å medverke til at kvar enkelt elev ved Ørsta ungdomsskule får eit best mogeleg tilbod. Helsesjukepleiar skal vere ein vaksen som elevane kan gå til dersom ein har det vanskelig, eller om ein har tankar og kjensler det ikkje er lett å dele med andre, og ein treng nokon å prate med. Helsesjukepleiar kan lytte, gi råd og rettleiing i høve vekt, spiseproblem, kosthald, syn, hørsel, relasjonar, søvnvanskar, prevensjonsvegleiing med meir. Ingenting er for stort eller for lite å komme til helsesjukepleiar med.

God helse er ikkje berre å vere fri for sjukdom. Det inneber også eit psykisk velvære, og at det sosiale nettverket rundt kvar enkelt elev fungerer godt. Derfor er det viktig for skulehelsetenesta å ha eit nært og god samarbeid med både skule og føresette.

Helsesjukepleiar samarbeider med skulen, barneverntenesta, BUP (Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, Volda), PPT (pedagogisk- psykologisk teneste), fastlege, sjukehus, Friskliv Ørsta m.fl om enkeltelevar etter avtale/samtykke frå føresette.

Etter den nye personvernlova er det naudsynt med samtykke frå føresette når helsesjukepleiar skal/må samarbeide med andre instansar. Dette samtykke skrivet finn du HER, og skal ved behov fyllast ut og sendast/leverast på Ørsta helsestasjon (Tricobygget), adr: Kyrkjegata 73, 6153 Ørsta.