Mørkets sangerske -

gunvor hofmo i ord og tonar

Torsdag 9. desember får Ørsta folkebibliotek besøk av Rune Olstad og Eivind Ødegård med førestilling om lyrikaren Gunvor Hofmo.


Det blir ei reise i Hofmo si dikteriske verd, med nokre biografiske drypp. Gjennom ord og tonar løftar dei fram lyrikken og livet til Hofmo. Tittelen på programmet referera til boka Jan Erik Vold gav ut i 2000: «Mørkets sangerske. En bok om Gunvor Hofmo».


Gunvor Hofmo var ein viktig norsk lyrikar (1921-1995). Gjennom diktinga si fortel ho om einsemd og kulde, men og om ei sterk indre varme, om lengsel etter samkvem med menneske, og om mystisk-religiøse opplevingar.


Eivind Ødegård er musikar og lærar. Han har tidlegare vore leiar i Den norske bokbyen i Fjærland, og er busett i Fjærland. Rune Olstad er forfattar og bokentusiast, han bur no i Volda. Dei har reist rundt med denne førestillinga fleire stadar tidlegare, mellom anna i Fjærland, Stryn, Sogndal, Volda og Syvde.

Dato: 9. desember, kl. 19.00

Gratis inngang

Opningstider / kontaktinfo

OPNINGSTIDER

Måndag: 12-19
Tysda
g: 12-16

Torsdag: 12-19
Fredag: 12-16
Laurdag: 11-14

KONTAKTINFO

E-post: post@folkebiblioteket.no
Telefon: 7004 5520

Besøksadresse:
Holmegata 7, 6153 Ørsta

Postadresse:
Postboks 64, 6151 Ørsta

Tenester

Har du nasjonalt lånekort kan du på biblioteksøk.no enkelt tinge bøker frå heile landet.

På nb.no finn du ein skatt av digitale aviser du kan søke i og gjennom avistenesta vil du få tilgang til enda fleire.

Alle med nasjonalt lånekort har gratis tilgang til straumetenesta Filmbib.no

Med tenesta Filmoteket er det veldig enkelt å låne og sjå film heime.