Aktuelt

LITTERÆRT PUSTEROM // SHARED READING

Onsdag 8. juni, kl. 13.00

Veit du kva SHARED READING er?

Det er eit litterært pusterom i ei mindre gruppe med lav terskel for deltaking, med mål om å auke lesegleda mellom vaksne. Du treng ikkje vere lesehest for å kjenne deg velkomen i gruppa.

Den blir leia av ein sertifisert leseleiar, som les ei novelle og eitt dikt høgt til gruppa. Så er det samtalen rundt, med fokus på opplevinga av tekstene, ikkje litteraturanalyse. Vi skal ha rom til å undre oss saman, og målet er ikkje å kome fram til ei felles tolkning, men å bringe inn ulike perspektiv og di oppleving av teksta.

Vart du nysgjerrig og har lyst til å vere med?

Ta kontakt med oss på Messenger eller send e-post til: post@folkebiblioteket.no

Det er nokre plassar ledige, førstemann til mølla


--------------------------------------------------------------------

Redesign: bli inspirert til å sy!

I fleire år har Christine Fure Schwarz inspirert det norske folk til å sy gjennom Instagram-kontoen sin @silkeogdynamitt. I 2021 gav ho ut boka Redesign: Sy fantastiske klede av loppisfunn og gamle plagg. No kjem ho til Søre Sunnmøre for å halde føredrag, der målet er å inspirere enda fleire til å finne gleda med å sy eigne kle.

Ta gjerne med eitt eige plagg eller prosjekt for tips og innspel.

Arrangementet er gratis!

Dato: Tysdag 24. mai, kl. 20:00
Stad: Ørsta folkebibliotek


--------------------------------------------------------------------

LES NYNORSKE BØKER FOR BORNA!

Nynorskdagen torsdag 12. mai kl. 18.00

På Ørsta folkebibliotek

- Hildegunn Hovde frå Nynorsksenteret held føredrag om verdien av å lese for borna

- Utstilling med nynorske barnebøker

- Barnebokrommet er ope for borna


Foreldre, besteforeldre, tanter og onklar, lærarar - alle som les for born, kjøper og låner bøker til dei er

HJARTELEG VELKOMNE!


Ørsta mållag

Ørsta folkebibliotek


--------------------------------------------------------------------

FORFATTARBESØK MED LEIF EKLE

«Olgas bok. Et stille liv i arbeiderklassen»

Dato: Måndag 25. april, kl. 18:00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Varigheit: ca. 75 minutt

Gratis inngang


Leif Ekle, som gjennom mange år har vore litteraturanmelder i NRK P2, har skrive «Olgas bok», ein biografi om eit heilt vanleg menneske.


Boka er eit morsportrett, men også eit bilete av dei 91 åra som vart Olga si tid. Den handlar om ei einsleg mor sitt daglege strev, eit kvinneliv i norsk etterkrigstid. Boka til Olga er òg ei vemodig kjærleikssoge.


Leif Ekle kjem til Ørsta folkebibliotek den 25. april for å fortelje om Olga og arbeidet med boka.



«Olgas bok inspirerer til å se andre mennesker med nye øyne». Vårt Land

«Nydelig og nøktern hylles av mor». Adresseavisen

«Et djervt prosjekt ... løst med riktig dosering av både nærhet og distanse». Klassekampen

«Ekle får frem hvor intenst selv det mest alminnelige liv kan utspille seg, uten at noen legger merke til det.» Prosa


--------------------------------------------------------------------

FORFATTARMØTE MED MARIT EIKEMO OG JAN INGE SØRBØ

Med utgangspunkt i Marit Eikemo si siste bok, Team Tuva, vil Jan Inge Sørbø lede an ein samtale om det terapeutiske samfunnet. Sørbø er aktuell med boka Fire store som mellom anna ser på kva rolle kjønn spelar når litteraturhistorikarar ser på kvinnelege forfattarar.

Dato: Måndag 14. mars, kl. 14.00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Varigheit: ca 1 time

Gratis inngang


Kor mange hjelparar treng ei moderne romanhelt for å få livet til å gå rundt?

Det er spørsmålet ein stiller seg når ein les Marit Eikemos roman Team Tuva. Hovudpersonen i boka, den skilde tobarns-mora Tuva, blir sett gjennom augo til ein serie med hjelparar: presten i mora si gravferd, trenaren, fastlegen, psykologen, advokaten, bankfunksjonæren, snekkaren. Alle har sitt bilete av Tuva. Men dei har også eigne problematikkar dei strevar med. Og dei har sitt typiske fagspråk som dei brukar om menneske dei skal hjelpa.


Marit Eikemo debuterte med skjønnlitterært med romanen Mellom oss sagt i 2006. Ho har arbeid som journalist i Bergens Tidende og vore redaktør i Syn og Segn. I tillegg til 6 romanar har ho gitt ut essaysamlinga Samtidsruinar (2008). Karakteristisk for Eikemo er eit skarpt og til tider satirisk blikk på samtidsfenomen, ureflekterte måtar vi snakkar og handlar på, måten vi blir fascinert av varer og ideal som på marknaden. I den siste romanen er det særleg relasjonane mellom helse- og hjelpedisiplinar som blir undersøkt.

Jan Inge Sørbø er professor i litteratur og forfattar. Han gav ut Nynorsk Litteraturhistorie i 2018 og kjem i år med Fire store, som handlar om fire kvinner i nynorsklitteraturen.


--------------------------------------------------------------------

AVLYST

Du som er 13-16 år

og drøymer om å skrive slampoesi, dikt, songtekstar, noveller eller kanskje noko heilt anna?

Bli med på skriveverkstad!

Tysdag 1. mars 2022

kl. 15.00 – 18.00
på Ørsta folkebibliotek

Påmelding til post@folkebiblioteket.no

innan 28. februar kl. 16.00


--------------------------------------------------------------------

digitalt lånekort

Visste du at du kan få tilgang til lånekortet ditt gjennom mobilen din?

Berre gå inn på følgjande adresse: https://nb.bib.no/


Her får du i same slengen oppgradert kortet ditt til eit nasjonalt lånekort som gir deg tilgang til fleire av biblioteka sine digitale tilbod. Døme på dette er Filmoteket, som let deg låne og sjå film heimanfrå. I tillegg kan du då nytte deg av Biblioteksøk, der du enkelt kan bestille bøker frå andre bibliotek og hente dei på ditt lokale bibliotek etter nokre dagar.


Du identifiserer deg ved hjelp av innlogging i ID-porten (BankID, m.fl.).

Og dersom du ikkje allereie har tilgang, er dette fort gjort å fikse!!


--------------------------------------------------------------------

Mørkets sangerske -

gunvor hofmo i ord og tonar

Torsdag 9. desember får Ørsta folkebibliotek besøk av Rune Olstad og Eivind Ødegård med førestilling om lyrikaren Gunvor Hofmo.


Det blir ei reise i Hofmo si dikteriske verd, med nokre biografiske drypp. Gjennom ord og tonar løftar dei fram lyrikken og livet til Hofmo. Tittelen på programmet referera til boka Jan Erik Vold gav ut i 2000: «Mørkets sangerske. En bok om Gunvor Hofmo».


Gunvor Hofmo var ein viktig norsk lyrikar (1921-1995). Gjennom diktinga si fortel ho om einsemd og kulde, men og om ei sterk indre varme, om lengsel etter samkvem med menneske, og om mystisk-religiøse opplevingar.


Eivind Ødegård er musikar og lærar. Han har tidlegare vore leiar i Den norske bokbyen i Fjærland, og er busett i Fjærland. Rune Olstad er forfattar og bokentusiast, han bur no i Volda. Dei har reist rundt med denne førestillinga fleire stadar tidlegare, mellom anna i Fjærland, Stryn, Sogndal, Volda og Syvde.

Dato: 9. desember, kl. 19.00

Gratis inngang


--------------------------------------------------------------------

Sissel Stangenes får med ungane på bokstavleik

kUNSTPROSJEKTET bOKSTAV

I slutten av oktober hadde biblioteket besøk av billedkunstnar og kunstformidlar Sissel Stangenes. Ho har presentert eit kunstprosjekt som ho kallar bokSTAV.


Prosjektet er ein refleksjon over bokstaven og boka som eit arkitektonisk reisverk, og består av to 3D-modular, slik som tårn, dekorert med, eksempelvis, bokstavar og sjablongtrykk.


Prosjektet er støtta av bl.a Nynorsk kultursentrum nynorsk skriftkuktur og Bjørnsonfestivalen.


Desse dagane var tilsaman 112 4- og 5-åringar frå barnehagane i Ørsta innom biblioteket. Dei fekk boltre seg i bokstavar; krabba ut og inn av bokstavtårna og bygt tårn av bokstavar. Vore på bokstavjakt, funne sin eigen bokstav og snakka om bøker og ulike språk.


Etter lang besøks-dvale, har Ørsta folkebibliotek igjen vore fylt av liv og røre frå mange glade og snakkesalige barn. Det likar vi!!


--------------------------------------------------------------------

«KRig og hverdag : Jødebarna Tibor og Vera - og deres skjebnE»

LAURDAG 20. NOVEMBER 2021 FRÅ KLOKKA 14:00

Sverre Kragset kjem til Ørsta folkebibliotek for å fortelje frå boka si om dei to jødiske syskena Vera og Tibor, kvardagen deira i Noreg før krigen braut ut, og om den tragiske skjebnen deira.

Sitat frå bokomslaget: «Jeg har et ønske om å formidle den dramatikken som Tibor og Vera opplevde, fra en trygg tilværelse på prestegården, til økende usikkerhet i bygda og i landet, og til tyskernes og de norske nazistenes brutale framferd og til slutt dødsmaskineriet i Auschwitz.»

Sverre Kragset er pensjonert lærar og utdanna teolog. Historia som Kragset fortel kjem frå familien hans under krigen, åra 1941-43. Han sjølv var født i 1944, men Sverre sine sysken var tidsvitner saman med ein del eldre mennesker på Nesjestranda.

Kragset er ein engasjert formidlar som ynskjer å gi ansikt til jødeforfølginga og han vil fortsette med å fortelje om dette slik at vi aldri gløymer.

Han har halde foredrag på Romsdalsmuseet, Kristiansund bibliotek, Nannestad bibliotek og på pensjonisttreff i Oslo. Til no har han også fortalt om Vera og Tibor til meir enn 500 ungdomsskuleelevar.

Arrangementet er gratis.

Det vert høve til å kjøpe boka etter arrangementet.


--------------------------------------------------------------------

Drømmer og lengsel i Norden - velkomen til lesekveld

MÅNDAG 15. NOVEMBER 2021 FRÅ 19:00 TIL 20:30

Velkomne til lesekveld på Ørsta bibliotek // SKUMRINGSTIMEN


Foreningen Norden sitt lokallag har i mange år samarbeidd med folkebiblioteka i Ørsta og Volda om eit arrangement i Nordisk litteraturuke (nordisklitteratur.org).


Vi har hatt høgtlesing av tekstar på mange nordiske og baltiske språk, m.a. norsk, svensk, dansk, finsk, islandsk,samisk, færøyisk, grønlandsk, estisk og latvisk.


I fjor måtte vi ty til eit digitalt arrangement, difor gler vi oss til at vi kan møte til lesekveld på biblioteket i Ørsta på måndag 15. november.


I år er temaet "Drømmer og lengsel i Norden", og den sentrale teksta er henta frå romanen Katrina av den ålandske forfattaren Sally Salminen. Dei som framfører tekstane, gjer det i tur og orden på svensk, estisk, islandsk, dansk, norsk og latvisk, medan vi som høyrer på, får utdelt den norske omsetjinga, slik at vi kan følgje med på teksta på norsk der vi ikkje skjønar framføringa.


I tillegg til dette vert det programinnslag ved Rune Olstad og Elin Gundersen, og ein liten kaffi- og pratepause.


Vi er ein liten del av eit stort arrangement.I 2019 var det 2000 skular og bibliotek som var med på Nordisk litteraturuke, med over 150 000 deltakarar. Arrangementa var fordelt på "Morgengry" (for barn og unge) og "Skumringstimen" (for vaksne). Dette går føre seg den andre veka i november, der dei fleste har valt måndag morgon for "Morgengry" og måndag kl 19 for "Skumringstimen". Fint å tenke på at same tekst vert lese høgt samtidig på over tusen stader rundt om i Norden og Baltikum!


Kjekt om du vil delta!


--------------------------------------------------------------------

Laurdag 14. november

Til deg som skal på biblioteket i morgon, laurdag:

Vi har ope, men systemet er nede her på huset i opningstida. Så du kan ikkje nytte deg av skrivar eller PC. Men elles er dørene opne som vanleg, frå kl. 11 til 14.

God helg!


--------------------------------------------------------------------

PREMIEVINNARAR AV SOMMARLES 2021

Følgjande lister er resultatet frå trekking med hjelp av datamaskina. Her har alle deltakarane vore med i trekninga.

Vi minner om at alle deltakarane kan hente sitt Sommarles-diplom på biblioteket. Hentefristen er laurdag 9. oktober.

Gratulerer til alle som har delteke på Sommarles!

Fortsett å lese og ha glede av bøker!!



Teaterbillettar frå Teatret Vårt:

Elias Vatne Nielsen, 7. klasse

Torstein Hole-Tafjord, 2. klasse



Fribillettar frå Ørsta kulturhus og kino:

Balder Hjorthaug, 4. klasse

Jasper Kjelland, 1. klasse

Vilje Gjesdal-Kornberg, 4. klasse

Samuel Grimstad Aarseth, 4. klasse

Jakob Nupen Takseth, 2. klasse



Gåvekort frå Ørsta kulturhus og kino:

Silje Søvik Mårstøl, 6. klasse

Ida Endal, 7. klasse

Sol Emilie Lid, 3. klasse

Andreas Årøen-Ose, 2. klasse

Mie Nupen Takseth, 7. klasse



Stort hjarte (smykkestein):

Jakop Solberg Aklestad, 3. klasse

Aleksander Aambakk Mucaj, 2. klasse

Sina Urke Eriksen, 3. klasse



Nøkkelring med krystall:

Johannes Sollie Myklebust, 1. klasse

Lena Silden Bergmann, 2. klasse

Willemine Innselset-Smidtsrød, 7. klasse

Mari Ella Grytten Skarstein, 6. klasse

Livia Marie Bjørdal Nygård, 5. klasse

Elin Skeide Kalland, 6. klasse

Julian Arntsen-Tveiten, 4. klasse

Leander Haugen, 2. klasse

Natalie Aam, 2. klasse

Vilma Moe, 5. klasse



Bokpremie:

Lenita Nedreberg, 4. klasse

Oline Dyb, 6. klasse

Elise Haugen Standal, 6. klasse

Helene Kile Kolbjørnsen, 5. klasse

Frida Mårstøl Standal, 3. klasse

Johan Rogne Nyrø, 3. klasse

Håkon Moltubak, 7. klasse

Sigurd Hjellen Vestad, 4. klasse

Amandie Cook, 7. klasse

Ivar Gramshaug Fonseca, 2. klasse

Sander Wangen Hjorthaug, 3. klasse

Elen Flem Øye, 7. klasse

Hannah Vartdal de Laer, 1. klasse

Joakim Molvær, 4. klasse

Nadia Garnes, 5. klasse

Astrid Endal Myrene, 4. klasse

Madelen Helset Wangen, 5. klasse

Edwin Hjorthaug, 7. klasse

Aron Elfar Larsen, 5. klasse

Anton Øie, 3. klasse


--------------------------------------------------------------------

Sommarles 2021 er slutt. Lenge leve Sommarles! :)


I Ørsta kommune var det denne gongen med 220 born, litt fleire enn i fjor.

Og til saman vart det lese 2850 bøker.


I år har Sommarles hatt 164 000 deltakarar frå heile Noreg, og dei har samla lese 2,3 millionar bøker. Den suverent mest lesne boka i sommar blei «Gutta i trehuset med 13 etasjer» av Andy Griffiths. Den har blitt lese totalt 30 000 gonger.


Sidan viruset framleis lever blant oss, har vi bestemt oss for å ikkje halde avslutningsfest. Vi satsar heller på å kunne samlast igjen for avslutninga til neste år, og det gleder vi oss verkeleg til!


Sommarles er ein lesekampanje som har eit mål om å spreie leseglede og gi ein ekstra motivasjon til dei som i utgangspunktet ikkje les noko særleg.

Derfor har vi gått bort frå å premiere storlesarane spesielt og vil i staden trekke premiar blant alle borna på lik linje. Vi er overbevist om at det finst bøker for absolutt alle der ute. Vi som jobbar på biblioteket vil gjere det som skal til for at kvart enkelt born kan finne sine bøker.
Berre spør oss og vi skal hjelpe deg :)


Premievinnarane blir trekt med hjelp av datamaskina på onsdag den 22. september. Etter trekninga vert vinnarane kontakta av biblioteket, og namna blir publisert på biblioteket si heimeside og facebookside og på Ørsta kommune si nettside.


Kvar og ein Sommarles-deltakar får sitt Sommarles-diplom uavhengig av premietrekninga. Vi held på med å lage desse klare no.
Hugs å spørre etter diplomet neste gong du er innom biblioteket!


--------------------------------------------------------------------

LITTERÆRT PUSTEROM // SHARED READING

Onsdag 1. september, kl. 13.00

Veit du kva SHARED READING er?

Det er eit litterært pusterom i ei mindre gruppe med lav terskel for deltaking, med mål om å auke lesegleda mellom vaksne. Du treng ikkje vere lesehest for å kjenne deg velkomen i gruppa.

Den blir leia av ein sertifisert leseleiar, som les ei novelle og eitt dikt høgt til gruppa. Så er det samtalen rundt, med fokus på opplevinga av tekstene, ikkje litteraturanalyse. Vi skal ha rom til å undre oss saman, og målet er ikkje å kome fram til ei felles tolkning, men å bringe inn ulike perspektiv og di oppleving av teksta.

Vart du nysgjerrig og har lyst til å vere med?

Ta kontakt med oss på Messenger eller send e-post til: post@folkebiblioteket.no

Det er nokre plassar ledige, førstemann til mølla


--------------------------------------------------------------------

Ørsta folkebibliotek får besøk av Brit Bildøen som skal fortelje om den nyaste boka si, «Over land og hav». Forfattaren har fulgt trekkfuglane gjennom eit år, og i dette foredraget tek ho oss med på ei ferd frå forblåste fuglefjell og langstrakte myrlandskap her heime, til slettene i Andalucia og kystlandskapet utanfor Tanger.

"Over land og hav" er ei kjærleikserklæring til fuglane rundt oss og dei fine naturopplevingane som ventar når vi berre får auga opp for dei.


Dato: Onsdag 25. august, kl. 13.00

Stad: Ørsta folkebibliotek

Varigheit: ca 1 time

Gratis inngang


Grunna nasjonale og lokale smittevernsreglar er dette arrangementet ope for maks. 20 personar.


Påmelding:

Meld deg på anten via telefon: 7004 5520, e-post: post@folkebiblioteket.no eller send oss melding på Messenger. Ver venleg å oppgi namn, telefonnummer og e-postadresse.


Om arrangementet:

Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum samarbeider om å gi folk i heile fylket eit godt og variert litteraturtilbod gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, GassROR IKS og kommunane i Møre og Romsdal.


Foto: Tove Breistein