Om oss

Vartdal barnehage‎ > ‎Om oss

Opningstida er mellom 07.00 og 16.30


Vartdal barnehage er ein av sju kommunale barnehagar. Vi ligg på Vartdal, ca 2,5 mil nord for Ørsta sentrum.

Vartdal er skulesenteret for Vartdalstranda. Barnehagen vert også primært eit tilbod for borna som bur i bygdene Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvika som har til saman ca1000 innbyggjarar.

Barnehagen ligg vakkert til midt i ein storflott naturperle. Vi har eit stort og innhaldsrikt uteområde, men også flott nærområde som gir oss mange muligheiter for allsidig leik og aktivitet.

Nærområdet til barnehagen har også eit rikt næringsliv, skule og skianlegg. Vi har kort veg til offentleg transport, om vi treng å nytte oss av det.

Organisering

Barnehagen har tre avdelingar, Trollskjær, Fosshola og Lisjetua. Avdeling Trollskjær og avd. Fosshola held til i hovedhuset. Der er også kontor og personalavdeling. Lisjetua har eige hus og eige innegjerda uteområde. I tillegg har vi «Jennyhuset» som vi nyttar til ulike gruppeaktivitetar.

I barnehagen vår vil aldersinndelinga variere frå år til år. Det er søkjartalet og alderen på borna som nyttar barnehagen, som avgjer korleis vi set saman gruppene.

Talet på plassar på dei ulike avdelinge:

Trollskjær: 22 plassar til born over 3år. (3 -6år)

Fosshola: 14 plassar til born over 3 år. (2-4 år)

Lisjetua: 12 plassar til born under tre år. (1 – 2år)


Ørsta kommune sine vedtekter gjeld for barnehagen vår.

Vi har som mål at «Vartdal barnehage – ein god stad å vere» - at alle som er knytt til barnehagen vår skal oppleve å bli sett og forstått, anten det er dei små borna, dei tilsette, foreldre eller dei som av ulike grunnar tek turen innom oss. Det betyr at det vert stilt store krav til eit kompetent personale. Vi jobbar kontinuerlig med dette gjennom fagleg oppdatering og blikk på eigen praksis lokalt i barnehagen og gjennomføring av felles studiedagar i kommunen.

Vi er opptatt av å ha ein kultur for omsorg, leik, læring og danning. Vi har stort fokus på voksenrolla og utvikling av det pedagogiske miljøet.


De er velkommen til å ta kontakt dersom de har spørsmål til barnehagen.


VELKOMMEN TIL VARTDAL BARNEHAGE!


Bruk rullgardin i menyen for å navigere.