Rystene barnehage

"Bli sett!"

Om oss:

Rystene barnehage er ein liten barnehage med to avdelingar, plassert i Rystefeltet i Ørsta. Vi ligg nær både sjø og skog, og har eit fantastisk uteområde bak barnehagen. Barnehagen vart skipa i 1991. Då dei skulle bygge barnehagen, fant dei mykje kongler og kantareller på tomta. Det gav namnet til avdelingane våre; Konglen og Kantarellen. I Rystene barnehage står det sosiale samspelet i fokus i kvardagen. Visjonen vår er "Bli sett"! For i Rystene barnehage skal alle barna bli sett kvar dag for den dei er.

Vil du vite meir om korleis vi jobbar i Rystene barnehage, finn du årsplanen og verdiplattforma vår under fana "pedagogisk plattform"

Facebook