Kvitveisen barnehage

Oversiktleg og passe stor til å sjå enkeltbarnets styrke og behov

Om oss:

Kvitveisen barnehage er eigd av Ørsta kommune og held til i lokale frå 1991. Barnehagen har ei småbarnsavdeling med 12 plassar og ei storbarnsavdeling med 19 plassar.

Barnehagen er geografisk plassert i utkanten av byggjefeltet på Vallabøen, like ved Fonna. Vi ligg i skogkanten og har kort veg til fine tur- og friluftsområde, skog, fjell, elv, nærbutikk og Vikemarka skule. Det er gangavstand til Ørsta sentrum.

Kvitveisen barnehage har lang erfaring med å gje styrka barnehagetilbod til barn med nedsett funksjonsevne.

Facebook

Oppslag