Hovdebygda barnehage - med friluftsliv i kvardagen

Hovdebygda barnehage er eigd av av Ørsta kommune og held til i bygg frå 2005. Barnehagen er lokalisert sentralt i Hovdebygda med omlag 60 plassar for barn i alderen 0-6 år.

Vi nyttar slagordet ”- med friluftsliv i kvardagen”. Med dette legg vi vekt på å vere mykje ute - heile året - og vi ser på utemiljøet og nærmiljøet som ein viktig arena for leik og læring. Barnehagen er lokalisert i flott nærmiljø med kort veg til både skog, mark, fjell, vatn og sjø. Barnehagen har eigen robåt og kano på Hovdevatnet, og disponerer naust ved sjøen. For tørre snøfattige vinterperioder har vi eiga snøkanon som vi lager snø med så snart temperaturen kryp under 0 grader. Vi har og eigen minibuss som fraktar oss til turmål utanfor gangavstand.

Les meir