Farkvamen barnehage

Farkvamen barnehage er ein privat barnehage.

Barnehagen vart starta opp i 1989 av fem foreldrepar som mangla barnehageplass til sine born. Dei sette då i gong med å bygge ein barnehage i sitt nærmiljø. Barnehagen er organisert som ei stifting. Vi er medlem av Private Barnehagers Landsforbund.

Barnehagen jobba i 2017/2018 med å lage ny verdiplattform, og dette er våre verdiar:

Glede, opplevingar og engasjement.

Kva vi legg i desse verdiane kan de lese meir om under pedagogisk plattform.

Barnehagen ligg fint til ikkje langt frå Ørsta sentrum. Vi har gangavstand både til fjøre, skog, akebakke, bibliotek mm.

I tillegg har barnehagen ein minibuss som gjer at barna kan få enda fleire opplevingar. Då kjem vi oss til fleire flotte turmål. Bl.a gardsbesøk, Aasentunet, Høgskulen, Brekkeheida, Bjørdalsvatnet og Helgehornet.



Facebook