Lokale segner og historier

Segner er korte forteljingar som lever på folkemunne. Dei har som regel ei episode, og dei gir seg ut for å vere sanne. Ei segn er ofte både tids- og stadbestemt, og vi møter svært ofte namngitte menneske i handlinga, folk som verkeleg har levd.

Segnene er eit slags ekko frå fortida, og dei omfattar alt folk har funne verd å merkje seg.

Målet er å skape interesse hjå born og vaksne for den kulturskatten desse segnene er. Segner kan sette i gong fantasien til borna og skape tilknytning til heimstaden. Det handlar om identitet, tradisjonar og lokal kultur.

Segnene skal knytast opp mot tema, songar, bursdagsfeiring, på tur, i leik og kvardagsaktivitetar, m.m.

Gluggen (Fortalt av Torill Nydal, 05
Segn : Kyrkjeklokka
Segna : Ulvane på Vatnevatnet
Historia om ørna som tok halvt år gamalt barn i Bjørdalen
Segna : Fruå på Åm