Garden året rundt

Borna i Dalane barnehage veks opp i eit nærmiljø der det er mykje jordbruk og borna er opptekne av dyra og gardsmaskinene på garden. Nokre av borna bur på gard sjølve, andre har besteforeldre eller ein nabo som driv gard.

Gjennom kontakt med dyr utviklar borna empati og får ei heilskapleg forståing for maten vi et. Dei får innsikt i kva arbeid som må gjerast på garden til ulike årstider og kva reiskap og maskiner som vert nytta.

Leik med dyr og traktorar er ein daglegdags aktivitet både inne og ute i barnehagen. Gjennom kjøkenhagen vår, turar, gardsbesøk, bedriftsbesøk og landbruksmesse skal borna bli kjende med garden året rundt. Vi besøkjer og samarbeidar med gardar i nærmiljøet som har sau,geit, kyr, hest, gris, høner, m.m.