Frisk og aktiv

Frisk og aktiv er eit samarbeid mellom Ørstabarnehagen og eininga for ergo, fysio og friskliv i Ørsta kommune.

Målsetjinga med satsinga er å styrke dei motoriske ferdigheitene til heile barnegruppa frå 0 - 6 år. Forsking og erfaring frå liknande prosjekt syner at ei slik satsing på motorikk gjer barnet meir modent og klar for læring ved skulestart. Betra motoriske ferdigheter har også positive verknadar på språkutvikling, sosial kompetanse og samhaldet i barnegruppa.

Vi har utvikla eit felles årshjul som styrer kva fokus og innhald øktene skal ha. Det er lagt opp slik at det vert gjennomført ei økt med motorisk aktivitet (20-30 min) tre dagar per veke. Aktivitetane skal vere ein naturleg del av dagleg aktivitet og leik i barnehagen slik at barna ikkje skal merke at dei trenar. Det skal vere morosamt og kjekt og barna skal oppleve meistring og aktivitetsglede.