Dalane barnehage

-der vennskap gror og gode opplevingar set spor

Om oss:

Dalane barnehage er ein kommunal barnehage, bygd i 1992 og påbygd i 2018. Barnehagen har tre avdelingar og plass til 50 born i alderen 0-6 år. Dalane barnehage er ein natur- og kulturbarnehage og vi er mykje på turar i nærmiljøet og lærer om livet på garden. Vi formidlar segner og historier knytt til stadane og syng lokale og nynorske songar. Målet er at borna gjennom desse fellesopplevingane skal knyte band til heimstaden sin og etablere vennskap.