Barnas Vel
Om oss:
Barnas Vel er ein kommunal 6 avdelings barnehage som ligg i Ørsta sentrum. Barnehagen er fordelt på to bygg inne på felles område. Avdelingane Ole Brumm og Nøtteliten held til i kløverhagenbygget, medan Vellemarka, Klatremus, Førskulegruppa og Solsikka held til i hovudbygget.
I hovudbygget har vi ei kulturstove som er fellesareal for alle avdelingane. Den vert nytta til både avdelingsvise aktivitetar, fellesaktivitetar og samkomer på tvers av avdelingane. Her får borna gode rammer til å utfalde seg både i grovmotoriske og finmotoriske aktivitetar, leikar, song og dans m.m.
Vår profil: Barnas Vel - borna i sentrum
Det handlar om at det einskilde barnet skal få bli den beste utgåva av seg sjølv. Vi skal ruste barnet til møte med framtida. Borna må også få utfordringar og motstand. Dei skal lære seg å sette grenser og finne sin vilje. Vi skal vere sensitive voksne som er tett på barnet, gje dei trøyst, tryggleik, rettleiing og støtte.
Barnas Vel er sentrumsbarnehagen i Ørsta. Vi legg vekt på å styrkje borna si identitetskjensle. Det handlar om å høyre til, vere ein del av avdelinga, barnehagen og bygda dei veks opp i. Gjennom barnehagetida vil vi gje borna kunnskap om naturen og kulturen i bygda vår, og dei vil få mange turopplevingar i nærmiljøet. Vi har gåavstand til hamna, fjøra, skogen, elva, sentrum.
Du finn meir informasjon om turområda våre ved å gå inn på linken under.
Det nynorske språket - ein viktig del av vår profil og identitet
Det nynorske språket er ein svært viktig del av identiteten og kulturarven vår. Derfor legg vi vekt på at borna skal verte kjende med og stolte av sin språklege kulturarv, samstundes som vi ynskjer at dei skal verte kjende med og utvikle toleranse for andre språkvariantar.
Dialekten er ein særs viktig del av den lokale kulturarven. Å ha eit godt feste i ein dialekt gjev identitet og sjølvkjensle. (Henta frå Målbruksplan for Ørsta kommune)
Oppslag
Søknad om redusert foreldrebetaling for 2020-2021, finn de på heimesida til Ørsta kommune
https://www.orsta.kommune.no/barn-og-familie/barnehage/redusert-foreldrebetaling/
Vi minner om intern studiedag 22.05.20. Barnehagen er stengt denne dagen

Facebook
Søknad om barnehageplass frå hausten 2019
Kommunen har samordna opptak med felles søknadsfrist og søknadsskjema. Alle som ynskjer barnehageplass frå 1. august 2019 må søkje om plass.
Innlogging skjer via ID-porten (MinID, BankID, Commfides eller Buypass)
Du må logge inn for å:
Endre/slette søknad
Følge saksgangen til søknaden
Svare på tilbod om plass
Seie opp eksisterande plass
Søkje om å endre eksisterande plass/opphaldstid
SØKNADSFRISTAR:
Søkje overflytting/endre plasstype: 15. februar
Hovudopptak barnehage: 1. mars