Meir om Barnas Vel


Barnas Vel er ein kommunal 5 avdelings barnehage som ligg i Ørsta sentrum. Barnehagen er fordelt på to bygg inne på felles område. Avdelingane Ole Brumm og Nøtteliten held til i kløverhagenbygget, medan Vellemarka, Klatremus og Solsikka held til i hovudbygget.

I hovudbygget har vi ei kulturstove som er fellesareal for alle avdelingane. Den vert nytta både til avdelingsvise aktivitetar, fellesaktivitetar og samkomer på tvers av avdelingane. Her får borna gode rammer til å utfalde seg både i grovmotoriske og finmotoriske aktivitetar, leikar, song og dans m.m.

I vår barnehage legg vi vekt på ein god start for ein livslang lærings- og danningsprosess. Det er borna som er i sentrum. Tryggleik og omsorg, utfordringar, vennskap og leikelyst er noko av det viktigaste vi gir det einskilde barnet for at barnet skal oppleve meistringsevne og bli den beste utgåva av seg sjølv. Vi er medvitne på at summen av dei erfaringane barnet gjer seg dei fyrste leveåra, vil i stor grad forme kven dei blir som vaksne. Derfor stiller vi tydelege forventningar til kvar einskild som jobbar i vår barnehage.