Tell us about Tellus

Januarseminaret 25. januar 2019 - Ålesund videregående skole

Temaet for Januarseminaret 2019 er Bærekraftig utvikling. Vi ønskjer å få innsikt i korleis det står til med jorda vår, planeten Tellus, og kva vi må gjere for å ta vare på henne.

Vi startar dagen med fellesseminar på Parken kulturhus. Etter lunsj er det klart for 10 ulike seminar på Latinskolen, der elevane blir med på to seminar kvar, med oppstart kl. 12.15 og 13.30. Sjå påmeldingsskjema under programmet.

Spørsmål om Januarseminaret kan rettast til Ole Reinlund, ole.reinlund@mrfylke.no, tlf. 90909603.

Program

Del 1 - Parken kulturhus

08:15

Åpning av Januarseminaret 2019

Selma Valderhaug og Herman Sjåvåg er programleiarar på Parken kulturhus. Begge er Vg2-elevar på studiespesialisering.

08:25 - 08:55

Korleis står det eigentleg til med Tellus?

v/ Borgar Aamaas, PhD, seniorforskar CICERO - Senter for klimaforskning

Det blir varmare og våtare. Stadig aukande utslepp av klimagassar gir global oppvarming. Forstår vi diagnosen, og kva er resepten?

08:55 - 09:15

Dette har vi blitt einige om å få til

v/ Arne Øi, seniorrådgjevar FN-sambandet

FN sine bærekraftsmål er verda sin arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

PAUSE

09:35 - 10:20

Speedforedrag

v/ seminarhaldarane

Er du redd for å gå glipp av noko? Ikkje fortvil. På fire minuttar kvar får 10 seminarhaldarane presentere det viktigaste av det dei har å kome med i seminara etter lunsj.

10:20 - 11:15

Debatt 1: Kva er eg villig til å endre for å berge kloden?

Deltakarar:

  • Emma Krohn-Dale og Silje Sandøy, elevar
  • Haldis Tjeldflaat Helle, Natur og Ungdom
  • Øystein Solevåg, Årim
  • Irene Vik, Tafjord Kraftvarme
  • Borgar Aamaas, Cicero

Publikum deltar med spørsmål og kommentarar via mobil.

Debatt 2: Klarer vi oss utan olje og gass?

Deltakarar:

  • Bengt Endreseth, Energiregion Møre
  • Haldis Tjeldflaat Helle, Natur og Ungdom

Debattleiar: Torstein Olsen, lektor Ålesund vgs

LUNSJ

Ta med nistepakke og drikke (Kantina på skolen er også open)

Lunsjpausen bruker vi både til å ete og forflytte oss til Latinskolen.

Parallelle sesjonar

Del 2 - Parallelle sesjonar

Kvar elev deltar på to seminar etter lunsj, med oppstart 12.15 og 13.30. Sjå valskjema nederst på sida.

Slik skal vi saman løyse plastproblemet

v/ Øystein Solevåg, dagleg leiar og Espen Mikkelborg rådgjevar ÅRIM

Plast er i ferd med å bli eit av dei største miljøproblema. Kvart år hamnar 6,4 millionar tonn søppel i havet. Mellom 70 og 80 prosent av dette er plast, som fuglar og fisk trur er mat. Kva kan vi gjere, no?

Avfall gir lys og varme i Ålesund

Irene Vik, direktør energigjenvinning Tafjord Kraftvarme AS

Visste du at avfallet ditt gir lys og varme til dei som bur i Ålesund? Dette er både ei miljøvennleg og bærekraftig løysing. Forstå korleis det skjer.

Mørekysten - regnskogen i havet

v/ Nils-Roar Hareide, havforskar og dagleg leiar ved Runde Miljøsenter.

Under havoverflata langs Mørekysten har vi unike landskap, miljø og ressursar, som er ukjent for mange. Korleis nyttar vi dette til verdiskaping og korleis forvaltar vi det for framtidige generasjonar?

Oljeboring - er det nok no?

v/ Haldis Tjeldflaat Helle, nestleiar Natur og Ungdom

I 2018 leverte FN sitt klimapanel endå ein alarmerande rapport om konsekvensane av klimaendringane. Kva rolle spelar norsk olje i klimakrisa, og kor lenge kan vi halde fram med å leite etter meir?

Korleis dekke energibehovet i framtida?

v/ Bengt Endreseth, leiar Energiregion Møre, og Kristoffer Singstad, prosjektutviklar Regional- og næringsutvikling

Korleis skal vi dekke energibehovet framover utan å skade kloden vår? Bli kjent med spennande energiprosjekt i Møre og Romsdal, og ta del i utviklinga av framtidige energiarbeidsplassar.

Befolkingsauke, fattigdom og innvandring

v/ Arne Øi, seniorrådgjevar FN-sambandet

Kor mange menneske tåler kloden? Har vi ressursar nok? Må nokon som har mykje bruke mindre? Korleis kan vi redusere fattigdom? Er migrasjon ei bærekraftig løysing?

Slik kan vi stoppe oppvarminga av jorda

v/ Borgar Aamaas, PhD, seniorforskar CICERO - Senter for klimaforskning

For dei som vil ha meir detaljert forklaring av global oppvarming og drivhuseffekt. Kva for tiltak kan vi gjennomføre for å redusere utsleppa? Elevane får også ei oppgåve tatt frå klimaforskarens eiga forsking.

Å reise og overnatte miljøvennleg

v/ Knut Flakk, dagleg leiar 62°NORD

Korleis kan vi reise og overnatte på ein mest mogleg miljøvennleg og bærekraftig måte? Bli med og høyr om nokre unike reiselivssatsingar på Sunnmøre, ein region der reiselivsnæringa er stor og viktig.

Kva mat er det bærekraftig å produsere og ete?

v/ Mari Eig, lærar Ålesund vgs, og Bjørn Vidar Vangelsten (på Skype), forskar Nforsk

Kva er bærekraftig matproduksjon og kosthald? Vi vil skape medvit og refleksjon rundt matproduksjon, sjølvforsyning og korleis forbruket vårt og livsstilen vår påverker miljøet både lokalt og globalt.

Filmvisning

Tittel: Verden belyst - Paradis i fare

Undervassfotografen Shawn Heinrichs kjempar for å bevare det skrumpande mangfaldet av undersjøisk liv ved å vise det fram i all si prakt med imponerande bilde.