Mikkel og venene

Ein dag fann me fleire sko i skogen, men det rare var at det kun var ein sko av kvar. Til stor frustrasjon for mange hadde det i fleire år vore ein tam rev som stal sko fra turistar og fastbuande i Kinsarvik. Ingen visste kvar det vart av desse skoa.

Då det viste seg at skoa låg gøymd i familieparken, vart historia om Mikkel og venene til.

Mikkel

Mikkel

Mikkel er den sjarmerande «Skoreven», som stel sko. Mikkel er lur, og kan sjå ting som andre ikkje ser, og best av alt – han kan lukte sko som har ei historie å fortelje.

Forutan sko er Mikkel veldig glad i eple. Han et minst eit eple kvar dag, og er overtydd om at det gjer han litt klokare. Han er særs stolt over Mikkelparken og at det er ein familiepark. Der bur han med


Mikkeline

Mikkeline

Mikkeline er ei skikkelig tøff jente som er glad i alle. Ho er særleg glad i dyr og i naturen. I skogen har ho eit eige dansetre, som ho dansar rundt kvar morgon og kvar kveld. Mikkeline elskar å danse.

Om nokon treng trøst eller treng hjelp til å kjenne seg litt sterkare, kjem dei alltid til Mikkeline (eller Tøff eline som dei då kallar ho). Ho samlar inn tuttar, og ingen av dei andre anar kva ho gjer med dei. «Vent å sjå», seier ho berre når dei spør.


Mink

Minken

Minken kom til Mikkelparken etter å ha rømt frå eit oppdrettsanlegg på nordvestlandet.

Han har hiet sitt heilt i vasskanten ved sjørøverskuta. Det passar han veldig godt på. Mink er litt sjalu og syns ikkje at det er så lett å være vener med alle - alltid.

Papegøye

Papegøyen

Papegøyen har den livligaste fantasien av alle venene i Mikkelparken. Han diktar og fortel historier, og skrøner så godt at han trur det sjølv. Han er ein skikkeleg ertekrok. Å herme etter dei andre, synes han er kjempekjekt. Han er litt forfengeleg og skrytete, og likar å bestemme, dessutan snakkar han som ein foss.

Papegøyen er glad i alt som har med musikk å gjere, og arbeider som DJ, DJ Papegøy. Når han ikkje er i Mikkelparken reiser han rundt i heile verda og finn steinar til Juvelbekken.


Frøken Ugle

Frøken Ugle

Frøken Ugle er den som passar på parken på nattestid. Det er ein jobb ho tar særs alvorleg. Det er berre eit lite problem - ho har vorte mørkredd. For å trøyste seg sjølv har ho ei hemmelegheit som gjer ho mindre redd. Under den eine vengja si har ho ein sommarfugl. Når dei flyg i lag går det bra.

Frøken Ugle er eigentleg lærar og vil gjerne fortelje dei andre om alt ho kan. Men dei vil helst berre leike, leike og leike. Då hender det at Frøken Ugle må verta litt streng.

Solbjørn

Solbjørn

Solbjørn er ein følsam og glad pessimist. Han er ein svært snill bjørn, men har ein tendens til å bekymre seg for mykje.

Når han vert redd, gøymer han seg. Sola gjer Solbjørn trygg, men om det ikkje er sol, held det at barn er blide som ei sol. Han har som mål å gjere nokon glad kvar einaste dag.

Facebook, Mikkelparken
Instagram, Mikkelparken
Youtube, Mikkelparken
Tripadvisor, Mikkelparken
Mikkelparken logo

Mikkelparken AS

Kinsarvik

Norway

Kontakt oss

Telefon 53671313

info@mikkelparken.no