Fjelltur til Hardangervidda Nasjonalpark
Klatring og kabelbane/zipline
Kanopadling
Elevane bur i flotte hytter på Mikkelparken Ferietun. Som ein del av læringa må elevane (med rettleiing) sjølve sørga for at det alltid er nok mat på hytta, og at det er reint og ryddig til i ein kvar tid. Det er inspeksjon på hytta kvar morgon. Ved ankomst får kvar hytte utdelt korger med brødmat til frukost og lunsj/nistepakke. Påfyll av mat får dei i kiosken som er open til faste tider.
Før avreise frå leirskulen vert det premiering til hytta med best orden og ansvar gjennom heile opphaldet.
Hardangertun Leirskule har stort fokus på å gje elevane eit godt og variert mattillbod. Kvar ettermiddag er det felles middag i hovudhuset.
- På Hardangertun Leirskule har me som hovudmål at alle skal reise heim med gode minne og nye erfaringar.
Leiar ved Hardangertun Leirskule, Dag Instanes, er opptatt av at elevane skal få eit variert og lærerikt leirskuletilbod, både fagleg og sosialt.
-Eg er overbevist om at eit godt leirskuleopphald har stor betydning for elevane.
Å gje elevane lærerike aktivitetar og nye utfordringar der dei i fellesskap kan flytte grenser, kjenne meistring og få positive naturopplevingar, har Hardangertun Leirskule erfart er ein god kombinasjon.
-At elevane i tillegg bur i hytter med eige ansvar for orden og brødmåltid, krev samarbeid og planlegging, og gjev dei sosial læring også utanfor undervisningstida.
-Me på Hardangertun Leirskule gler oss til å ta i mot nye skuleklasser som skal få oppleve noko av det beste Kinsarvik og Hardanger byr på, og ei skuleveke dei alltid vil hugse, seier leiar Dag Instanes.
Bergen Kommune
Krohnengen, Kyrkjekrinsen, Sandgotna, Olsvik, Kirkevoll
Radøy Kommune
Austebygd, Sæbø, Hordabø, Manger
Øygarden Kommune
Blomvåg, Toftøy, Rong, Tjeldstø
Meland Kommune
Rossland, Vestbygd
Sandnes Kommune
Hana
Ål Kommune
Nedre Ål
Kinsarvikvegen 64
5780 Kinsarvik
Norge
Org nr 878 707 192