Mikkelparken

Mikkel ønskjer store og små velkomne til Mikkelparken i Kinsarvik! Her blir gode barndomsminne skapt!

I Mikkelparken kan du kosa deg i Tropefryd, badelandet der det alltid er varmt i vatnet, og du kan velga mellom fleire basseng og sklier!

Både barn og voksne kan boltra seg med mykje leik og moro med bumpebåtane, trøbåtane, sprutebåtane, racerbilane, gravemaskinene eller traktorane. Eller du kan prøva deg med dei radiostyrte båtane og bilane.

Mikkelparken Kart
Mikkel og Mikkeline i Tropefryd - Basseng

Bada, spruta og svømma i Tropefryd!

Tre oppvarma basseng og vatnsklier til svømming, bading og morosam vatnleik. Spruteanlegg med oppvarma vatn. Vatnsklier, vatnkanoner, vatnbøtter og vatnsprut. Det finns også ei eiga sko-vatnsklie. Vatn er kjekt, ikkje sant?

Kaniner, geiter og marsvin i Mikkelparken

Besøk Mikkelgarden og hels på dyra

Her er det kaniner, marsvin, høner, hanar og geiter. Mellom kl. 12.00 og 15.00 kan de gå inn og klappa og kosa med dyra.

Tog i Mikkelparken

Ta turen med Mikkeltoget

I juvelbekken og på gullgravinga finns det skjulte skattar. Kvar dag er det legokonkurranse , og Mikkel har premie til vinnaren! Du kan teikna på teikneterassen og dingla høgt over bakken i klatretårnet.

Her er minigolf, jungelløype og bondegård med både geiter, kaniner, marsvin, høner og hanar. I frukthagen er det ekta Hardangerfrukttre.

Kven kan spytta morellesteinen lengst? Det kan du finna ut på morellsteinspyttebanen! Mikkel og vennene hans kan du sjå både på show og dokketeater kvar dag!

Mikkelparken Ferietun

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no