Leirskule

Hardangertun Leirskule i Kinsarvik er ein av landets mest populære leirskular. Me kan tilby diverse aktivitetar både i skogen, på fjellet og på Hardangerfjorden.

Hardangertun leirskule

har som mål at elevane skal styrka sine evner når det gjeld samarbeid. Mange av aktivitetane stiller høge krav til godt samarbeid for å lykkas.

I tillegg vil me gjerne at elevane skal få ein stor dose positive naturopplevingar. Me ønskjer å fremja trivsel og læring gjennom lystbetonte aktivitetar.

Opphald

Fokus på kosthald og ansvar

Elevane bur i dei flotte hyttene våre og må, som ein del av læringa, sjølve sørga for at det alltid er nok mat på hytta, og at det er reint og ryddig til i kvar tid. Det er inspeksjon på hytta kvar morgon. Ved ankomst får kvar hytte utdelt korger med brødmat til frukost og lunsj/nistepakke. Påfyll av mat får dei i kiosken som er open til faste tider.

Hardangertun har stort fokus på å gje elevane eit godt og sunt mattillbod. Kvar ettermiddag er det ein felles middag i hovudhuset. Før avreise frå leirskulen vert det premiering av dei som har hatt best hytta gjennom heile opphaldet.

Leirskuleaktivitetar

Klatring/orientering

Dette er ein heildagsaktivitet der elevane først startar med ca 1 time teori om bruk av kart og kompass. Etter det går ein til klatreområdet der elevane blir delt i to grupper. Eine gruppa har har orientering i Huseskogen medan den andre klatrar.

Orienteringsløypa består av 10 postar som er hengt opp rundt i skogsområdet. Elevane samarbeider og prøver å ta seg fram til postane ved hjelp av kart og kompass. På postane må ein og svare på oppgåver som omhandlar temaet. Beste gruppa blir premiert.

Klatredelen består i å ta seg opp ein 25 meter høg fjellvegg på stigbøylar av jern og med klatreselar og sikring. For deretter å segla ca.100 meter på ein kabelbane. Klatrevegg, eller Via Ferrata som det heiter ,betyr å bevega seg oppover ein fjellvegg på jerntrinn.

Kvart taulag er på ca 8 elevar. Vår erfaring er at svært mange elevar bryt eigne grenser og opplever stor grad av meistring gjennom desse aktivitetane.

Mål: Lære bruk av kart og kompass. Meistre utfordrande aktivitetar gjennom samarbeid og samhold, og med stort fokus på sikkerhet.

Fjelltur

Dette er ein dagstur i den fantastiske Husedalen som er berømt for sine fire flotte fossefall. På denne turen tar ein seg opp til den tredje fossen., og ein er då komen inn i Hardangervidda nasjonalparkområde. Om ein hugsar å ta med ein god nistepakke, kamera, skikkeleg skotøy og gode kle blir dette ei naturoppleving for resten av livet. Den første delen av turen går i lett stigande terreng ved sida av elva Kinso. Den siste delen av turen blir meir krevjande med ein brattare stigning. Instruktøren vil ikkje halde høgare tempo enn at dei siste elevane heng med, slik at alle kan nyte turen. Når ein har nådd toppen av turen, ved stølen Nykkjesøy, et me nista vår og kokar te/buljong på stormkjøken.

Mål: Læra å ferdast i Nasjonalparkområdet som er eitt av dei flottaste naturområda i Norge. Få innblikk i kva som gøymer seg i den norske naturen. Lære om kva sko og klær som passar til formålet.

Kano

På denne aktiviteten får elevane oppleva den fantastiske Hardangerfjorden. Økta byrjar med instruksjon i sjøvet og sikkerheit. I tillegg blir det litt "tørrtrening" på land i ulike padleteknikkar. To og to elevar sit samen i kvar kano. Elevane skal gjennom ulike øvingar på fjorden som stiller krav til godt samarbeid og samhandling. Ved mykje vind vil kano-økta foregå inne i lagunen og båthavna. Når det er roleg vær blir det ein lengre tur på fjorden.

Mål: Læra å meistra ulike padleteknikkar. Klare å samhandla godt i grupper, og ha forståing for sjøvetsreglane.

Bogeskyting og natursti

På denne aktiviteten blir elevane delt inn i to grupper. Først har eine gruppa natursti og etterpå har dei bogeskyting, medan den andre gruppa startar først med bogeskyting og så har natursti etterpå. På naturstien vert elevane delt inn i mindre grupper som skal prøve å finne 17 postar som er hengt opp rundt i ei skogsløype. Oppgåvene handlar om natur og planteliv. Nokon av oppgåvene stiller òg krav til dei kreative evnene. Beste gruppe vert premiert. På bogeskytinga får elevane innføring i skyteteknikk. Dei startar ut med ein del øvingsrundar før ein avslutter med ein konkurranse. Dei to jentene og to gutane med høgast poengsum blir med i ein finale mellom alle klassane på leirskulen torsdag kveld.

Mål: Styrka konsentrasjon og koordinasjon i forhold til presisjonsidrettar. Skapa trivsel og samhald gjennom lagkonkurransar.

Turplanlegging

Her får du hjelp til organiseringa av turen til Hardangertun. Bestem kva veke som passar best for klassen dykkar. Om mogleg sett opp alternative veker (hugs å vera ute i god tid).


  1. Ring oss slik at me i fellesskap kan finna fram til ei ledig veke. Samstundes kan de gjerne gje oss eit ca. tal på deltakarar og ein førebels reservasjon av ei veke. Me vil senda utfyllande opplysningar om leirskulen.
  2. Send ut informasjon til foreldra og sett ein tidsfrist for påmelding til turen. Det endelege talet på kor mange som vert med på turen må leirkulen ha omlag ein til to månader på førehand.
  3. Kontakt busselskap for tilbod på transport tur/retur.

Hytter/hyttelag

Hardangertun har 26 hytter som elevane bur i, og 8 leilegheiter for ledarane.


Dette er hyttetypane som elevane bur i:

Stor hytte, 65 m2, (to soverom, hems og to bad), med inntil 8 sengeplassar. Hyttene har stove med kabel-TV, to bad og fullt utstyrt kjøken med bl. a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap. Dei to soveromma har familiekøyeseng og hemsen har to enkeltsenger. Dyner og puter til alle sengene er i hyttene. Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige det her.

Medium hytte, 50 m2, (to soverom og bad), med inntil 6 sengeplassar Hyttene har stove med kabel-TV, eitt bad og fullt utstyrt kjøken med bl. a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap. Det eine soverommet har familiekøyeseng og det andre har to køyesenger. Dyner og puter til alle sengene er i hyttene. Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige det her.


Ledarane bur i leilegheiter (så langt dei rekk):

Leilegheit, 55 m2, (to soverom og to bad), med inntil 6 sengeplassar. Leilegheitene har stove med kabel-TV, to bad og fullt utstyrt kjøken med bl.a. oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap. Begge soveromma har familiekøyeseng. Dyner og puter til alle sengene er i hyttene. Sengetøy og handkle kan de ta med sjølve eller leige det her.

Innkvartering og arbeidsdeling

Før klassen kjem til Hardangertun vert elevane fordelte på hytter basert på antal gutar og jenter i klassen. Denne innkvarteringsplanen vert sendt skulen på førehand slik at dei kan føra på namna på dei elevane som skal bu på kvar hytte.

Å bu saman med medelevar, utan vaksne i hytta, er for mange ei ny oppleving.

Me på Hardangertun ser på dette som ein viktig del av leirskuleopphaldet. Elevane må løysa oppgåvene som ei gruppe. F.eks.: dekka bord, laga nista, vaska, rydda, finna ut kor mykje mat som må hentast osv. Alle desse oppgåvene må elevane fordela mellom seg.

Me har laga forslag til ein arbeidsfordelingsplan for elevane, basert på nr. dei har på innkvarteringsplanen:

Dette er kun eit forslag å fordela arbeidet blant elevane på, etter kva nr. dei har på innkvarteringsplanen.

Alle må re opp sengene sine kvar dag og rydda i eigne saker.

Aktivitetar i fritida

Fotball, basketball, volleyball, badmington, bordtennis og diskotek.

Utandørs, oppvarma badebasseng og badstove. Dette er opent mellom kl 16.00 og 20.0 og kostar kr 30,- pr. pers. pr. dag. Leirskulen har eigen badevakt.

Kart og vegvisar

Kinsarvik ligg kanskje nærare enn du trur. Frå Haugesund og Bergen tar det omlag 2,5 t. Frå Oslo tar det omlag 5,5 t


Logo

Mikkelparken Ferietun

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no