Aktivitetar

Aktivitetar på Mikkelparken Ferietun

Leilighet og basseng

Badebasseng

For dei som likar bading har me oppvarma utandørs basseng på ferietunet som er ope frå midten av april til midten av oktober. Ta gjerne kontakt for å høyre om bassenget er opna, tidleg i sesongen.

Frå bassenget er det flott utsikt over fjorden, og området rundt passar for leik og soling. Badebassenget har òg eigen barneseksjon, men hugs at foreldre eller gruppeleiar må vera med barna i bassenget. Sjå oppslag om badereglar.

Mikkelparken, som ligg like ved, har fleire badebasseng og vassklier.

Gruppeaktiviteter kano

Gruppeaktivitetar

Fleire av aktivitetane me tilbyr på ferietunet passar for grupper. Me kan by på fjellturar i det vakre kulturlandskapet, ein padletur på fjorden, bogeskyting eller fjellklatring "Via Ferrata" med ein segletur på kabelbane ned att .

Aktivitetar i nærområdet

Mikkel

Mikkelparken

I Mikkelparken kan du kosa deg i Tropefryd, badelandet der det alltid er varmt i vatnet, og du kan velga mellom fleire basseng og sklier!

Du kan ha mykje leik og moro med bumpebåtane, trøbåtane, sprutebåtane, racerbilane, gravemaskinene eller traktorane. Eller du kan prøva deg med dei radiostyrte båtane og bilane. I juvelbekken og på gullgravinga finns det skjulte skattar. Kvar dag er det legokonkurranse , og Mikkel har premie til vinnaren!

Du kan teikna på teikneterassen og dingla høgt over bakken i klatretårnet. Her er minigolf, jungelløype og bondegård med både geiter, kaniner, marsvin, høner og hanar.

I frukthagen er det ekta Hardangerfrukttre. Kven kan spytta morellesteinen lengst? Det kan du finna ut på morellsteinspyttebanen! Mikkel og vennene hans kan du sjå både på show og dokketeater kvar dag!

Kajakk utleie Hardangerfjorden

Hardangerfjord kajakk utleie

Kombiner fjorden med fantastiske fjellturar og nyt utsikt over blant anna Folgefonna frå kajakk.

Kinsarvik Go-kart

Kinsarvik Go-kart

Garanterer deg fart og spenning fra start til slutt!

Det meste under eit tak

Trengs det handling? Ca. 100 meter frå Mikkelparken Ferietun finn du Mass Hus AS - SPAR, sentralt plassert i Kinsarvik. Her finn du det meste under eit tak - stort utval av daglegvarer, maling og jernvare, klesavdeling med dame, - herre,- og barnekle, sko, leiker kjøkken- og husholdningsartiklar, interiør, garn, quiltestoff, gardiner, sengesett og mykje meir.

Åpningstider:

Mandag - Fredag 08:00 - 20:00 / Lørdag 08:00 - 18:00

Gløyp

Gløyp spiseri

Lokal mat fra Hardanger. Konseptet er kommunikasjon, sårbarhet, følelser og historier!

Det handler mye om å kommunisere mellom oss og våre gjester. Derfor legger vi oss på ett nivå som alle kan føle seg bekvem med!

I mitt kjøkken er jeg best når jeg er sårbar, vi tar på våres og deres følelser hver gang vi serverer dere retter der vi provoserer og elementene er nye, men vi ønsker å være der fordi vi ønsker å gjøre deres valg av oss til en opplevelse!

Mat spiller på følelser, utfordringer og masse av glede, en skal vite at hver gang vi serverer en rett til våre gjester er det som om det skal være personlig og bare til deg.

Tlf: 928 55 094

Hardangervidda Natursenter

Hardangervidda Natursenter

Utforsk det beste av norsk natur

Hardangervidda Natursenter Eidfjord er et moderne natur- og kulturhistorisk opplevelsessenter. Sjå utstillinger, dioramaer, interaktive stasjoner, utradisjonelle akvarium, temavideoer og illustrerende plansjetekster.

Se nærmere på dyrelivet, naturen og klimaet. Utforsk samspillet mellom kultur og miljø. Ved å se, kjenne, lytte og lære blir du selv en aktiv og kreativ del av utstillingen.

Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum

Gode opplevingar å bryne seg på!

Museet byr på stor tematisk breidde og dekkjer eit stort geografisk område. I tillegg til Kulturhistorisk museum omfattar Hardanger og Voss museum Kunsthuset Kabuso. Ingebrit Vik museum og Agatunet. Museet er regionsmmuseum for dei sju hardangerkommunane (Kvan, Odda, Ullensvang, Ulvik, Eidfjor, Granvin, Jondal) og for Voss kommune. I tillegg driv HVM eit nasjonalt senter for fartøyvern; Hardanger Fartøyvernsenter.

Husedalen

Husedalen i Kinsarvik (fottur)

Husedalen strekk seg frå Hardangervidda nasjonalpark til Kinsarvik. Her finn du fire majestetiske fossar som kastar seg nedover i ville stryk.

Dronningstien

Dronningstien (fottur)

Denne spektakulære turen startar i Kinsarvik og endar på Lofthus.

Den går langs kanten på fjellet over sørfjorden og det er mange utsiktspunkt langs vegen. På veg ned til Lofthus går du Munketrappene.

Munketreppene Nosi

Munketreppene (fottur)

Munketreppene vart laga av munkane i Opedal kloster.

Dei 616 store steintreppene startar på 650 meter over havet. Dei vart laga for hånd i det 13. århundre. På denne turen vil du også passere "Nosi", eit flott utsiktspunkt. Dette er eit fint utgangspunkt for turar på Hardangervidda.

Natur og sightseeing

Hardangervidda – Noregs tak!

Fjordsightseeing (i sommarsesongen)

«Norway in a Nutshell» inkl. Flåmsbana

Folgefonna Sommarskisenter

Rosendal (87 km): I juni 2001 opna Folgefonntunnelen, og med den nye mogelegheiter for dagsturar til Kvinnherad. Mellom anna til det einaste baroniet i Noreg, Baroniet i Rosendal, med sin fantastiske rosehage.

Museum og landemerker

Sima kraftverk

Industristadmuseet i Tyssedal, med den gamle kraftstasjonen frå 1916, damanlegget i Skjeggedal og den berømte stupbratte trallebanen til Mågelitopp.

Hardangervidda Natursenter Eidfjord, med Ivo Caprino sin 225° supervideograf.

Skredhaugen bygdemuseum (Greves samlingar)

Hardanger Folkemuseum, Utne

Mikkelparken Ferietun

5780 Kinsarvik

Norge

Org nr 878 707 192

Bestilling/informasjon

Telefon: 53 67 13 13

E-post: info@mikkelparken.no