(Skrivn den 18de mai 1941)
For kvar ei stund som unnast meg
å finna andre tankar
enn dei som dagleg fer i veg,
og støtt i hugen vankar.
Eg grunnar på, kvar eg kan få
den rett og tru som eg og du
vel lengtar hardt å sjå.
Eg tykkjer når eg einsam sit
og minner fram seg tokkar;
Det er kje råd å ganga frå
den lagna tung om du er ung
så herdast hardt vi må.
Og modig fram det er eit ord
som ljodar støtt for øyra
men likvel glepp i striden stor.
Ja, mange vil kje høyra
men døyvt vert det som er lært
ei kjelde rik som utan svik
vil vernast trutt og kjært.
For kvar ei stund som unnast meg
å finna andre tankar
enn dei som dagleg fer i veg
og støtt i hugen vankar.
Det lærdom er at kvar vi fer
så ut i strid om stødt det svid
ja, slik er livet her.
at berre eg no nådde dit
der livet vent meg lokkar.
Men allting som meg minner om
den gilde tid so ljos og blid
det er ein fager blom.
Den blomen stend so frisk og frid
og lærer meg det eitt
at etter myrke vintertid
kann veksa rosor reine.
Om myrkt og svart og kaldt og hardt
endå det er, så er det nær
ei tid som “ovrar” snart.
Ei tru om rett og fred og liv
som gjev den ungdom æra
at bort han kastar rut og kiv
og berre godt vil gjera.
Han veksa må og meire få
av kraft til strid i striden gjev
og rette vegen gå.
I ungdoms år det vakna kann
ein draum om fagre tider.
I ungdomshjarta kjærleik rann
det er om seint det lider
mot sol og vår og himmel klår
som reinleik ber om myrkt det er
so gjerast år for år.
Om livsens straum vel mang eingong
kann vere tung å strida
så må vi sanna gong på gong
at støtt så må vi lida.