(Skriven den 10de april 1941, årsdagen for tyskernes åtak på Hamar)
Kva krev du Noreg vårt fedreland
av soner som kjærleik ber
til alt du gav dei frå gåvrik hand
og meire du kanskje fer.
Når uven med makt og mangfald list
kjem stormande vilt ei natt
kva krev du Noreg som heilt til sist
vil verja din fridoms-skatt.
Du lenge har gjeve oss signa jord
men utakk vi alltid bar
Vi så kje utferd, men kuva ned
det som din grunnvoll var.
Når stormen då eingong for ålvor kom
vårt samhald vart sett på prøv
Men grusomt dei sveik deg dei søner som
til fienden selte deg grov.
Og skuldlause menn som streid so hardt
vi atter til strid vil gå
for deg vårt Noreg — om endå vart —
so vinna til sist vi må.
Kva krev du Noreg vårt fedreland
når eingong på fridomsgrunn
vi helsar deg: «Leve vårt kjære land!»
Ei helsing frå hjartegrunn.
Arnold Kleppan