hytta Vonhaug på mjølfjell

VELKOMne TIL VONHAUG!

Leitar du etter ein stad å reise på hyttetur med familien eller ei lita eller mellomstor gruppe? Velkomne til Vonhaug, KFUK-KFUM Voss si koselege og praktiske Mjølfjell-hytte!

Vonhaug ligg nydeleg til på Mjølfjell, og er lett å komme seg til både med bil og tog (Mjølfjell stasjon ligg rett oppe i bakken). Rett utanføre hyttedøra finn du fantastisk turterreng, sommar som vinter.

Hytta er romsleg, praktisk og triveleg, og passar godt for både små og større grupper. På hyttetunet er det bålplass, benker, bord og plass til bil om det ikkje er for mykje snø. Det er òg mogleg å slå opp telt på tunet.

kva finnast i hytta?

I første høgda finn du vindfang, gang, to toalett, kjøkken, matbod og anretning. Kjøkkenet er utstyrt med 2 komfyrar, kaffitraktar, vannkokar, store gryter, redskap til matlaging, kjøleskåp med frysedel. I anretningen er det rikeleg med dekketøy. I høgda er og tre stover: ei koseleg peisestove, ei praktisk ungdomsstove og ei spisestove der du får plass til 30 personar rundt borda, om du sitt litt tett og lurt.

I andre høgda er det fem soverom og sengeplass til 21 personar 2, 3, 4, 4 og 8-mannsrom. Det er også eit lite soverom i første høgda. Det finnast 15 ekstra madrassar. Av brannomsyn er det ikkje lov å ha fleire på golva på soveromma, men det er golvplass i første høgda. Treng ein plass til fleire kan ein be om å få leige Mjølfjell kapell, 300 meter frå hytta. Alle som skal overnatta må ta med laken, putevar og sovepose. Hytta har brannvarslingsanlegg og branntrapp i andre høgda, orienter dykk om rømingsvegar ved ankomst.

I kjellaren finn du dusj. Hugs å bruke vifta! I kjellaren finn ein òg vedbod, reidskapsrom og lagerrom.

Nesten alt det elektriske på hytta vart modernisert vinteren 2022.

Glimt frå hytta og området rundt

korleis finn du fram?

Med tog: På Mjølfjell stasjon stig ein av toget frå Bergen og går mot venstre. Følg bakken til vegkryss ved brua, ta til høgre og følg vegen om lag 200 m vidare. Hytta er skilta, og ligg litt oppi sida til høgre for vegen. Normal spasertid frå stasjonen er 10 minutt.

Du kan og komme deg til hytta med bil (det er plass til bilparkering på tunet, men berre når det er bart) eller med sykkel.

Prisar

Prisar

  • Medlemmer i KFUK-KFUM Voss: 120 kr per person pr. natt

  • Medlemmer i KFUK-KFUM: 170 kr per person pr. natt

  • Andre leigetakarar: 220,- per person pr. natt

Minstepris er kr. 850,- pr. døgn

Born under 3 år går gratis, born under 13 betalar halv pris.

Me må krevje avbestillingsgebyr på kr. 750 dersom du avbestillar seinare enn 3 veker før leigedato. I påska er avbestillingsgebyret kr. 500,- pr. bestilt natt dersom ein avbestillar seinare enn 6 veker før leigedato.

On reinhald og rydding ikkje er tilfredsstillande må etterfakturere eit gebyr for dette på 1000 kr.

Betaling

Etter opphaldet fyller ein ut eit oppgjersskjema. Dette returnerast til KFUK-KFUM Voss seinast ei veke etter avslutta leige. Betalinga basert på reknestykket i oppgjersskjemaet overførast uoppfordra til konto 3480 20 38390. Hugs å merke innbetalinga med namn og dato!

Bestille?

Ta kontakt med KFUK-KFUM Voss for å høyre om hytta er ledig, eller kikk rundt i kalenderen her.

smittevern

Du som leiger hytta står sjølv ansvarleg for å sette deg inn i gjeldande smittevernreglar og å sjå til at dei blir holdt.


kfuk-kfum voss si hytte

Det er KFUK-KFUM Voss som eig Vonhaug. Me er svært glade i ho, og leiger ho gjerne ut til andre! Det er hyttenemnda som står for drifta, og vedlikehald skjer på dugnad. Her er nokre glimt frå dugnad i stålande sol, forsommaren 2020.