Hødd handball

IL HØDD HANDBALL Postboks 248 6067 Ulsteinvik

Kjenner du nokre jenter født i 2006 eller 2007?

No har dei sjansen til å prøve seg på handball utan å bli bunden.

Den flotte gjengen som blir J12-lag neste handballsesong ønskjer fleire med i gruppa si. Dei inviterer derfor jenter som er født 2006 og 2007 til å bli med på treningane våra fram til medio juni.

Vi har trening tysdag kl. 1730 - 1830 og onsdag kl. 1700 - 1830 i Ulsteinhallen.

Velkomen til trening ilag med oss!!!

Vil samarbeide om eit nytt 18-årslag for jenter

Handballgruppene til Hødd IL, Hareid IL og Bergsøy IL er i dialog om å starte opp eit felles J18-lag.

Trenar for laget no i starten vil i tilfelle vere Marina Bazzeo.

Ein ønskjer i første rekke å få til ein fylkesserie med andre J18-lag i Møre og Romsdal, og vil sondere interessa for dette med andre klubbar i fylket. Deltaking i regional serie blir også vurdert, men dette vil først bli avklara med spelarar og foreldre. Laget vert i tilfelle meldt opp som sokalla anti-lag mot 4. divisjonslaga i dei respektive klubbane.

Gruppa vil truleg bestå av drygt 20 spelarar og ein tek sikte på at laget har to fellestreningar i veka, i tillegg til trening i eigen klubb. Planen er at det nye 18-årslaget deltek på ein lokal turnering i Ulsteinvik i juni.

Nyheitsbrev for mars frå Hødd handball

I nyheitsbrevet kan du mellom anna lese om tilsetting av felles hovudtrenar og forslaget om å arrangere turnering under Smak av Ulstein.

Les meir her (lenke)

Vil du følgje med på kva som skjer?

Via vår Facebook-side (lenke) kan du halde deg oppdatert om stort og smått som skjer i klubben. Her på heimesida finn du i første rekkje praktisk informasjon. Saknar du noko? Send ein epost til media@hoddhandball.com

Vil du spele handball ?

Sjå under menypunktet Sport og trening for treningstider og anna informasjon.

Har du spørsmål? Send melding til Hødd Handball på Facebook (lenke)

Vi har plass til deg ! Det er berre å møte opp : )

Meir om medlemskap og treningstider på Spelar i Hødd-sida (lenke)

Er du vår miljøkontakt?

Hødd handball er jakt etter ein engasjert person som vil gjere ein innsats på tvers av klubben - saman med styret, sportsleg utval og miljøkontaktene i laga.

Den overordna miljøkontakten har eige budsjettpost til disposisjon som kan nyttast i tråd med formålet til funksjonen. Eit viktig arbeid er å sikre og etablere fungerande miljøkontakter i ulike lag. Miljøkontakt sitt kontaktledd mot styret er leiar og nestleiar i Hødd handball.

Meir under menypunktet Aktuelt (lenke)

Jenter fødd i 2004 er «satsingskull» før handball-EM på heimebane i 2020. Jenter 13-laget til Hødd handball ønskjer fleire medspelarar velkomne på laget. Euro 2020 arrangerast i Norge og Danmark – og Trondheim er mellom kampstadene.

Meir om medlemskap og treningstider på Spelar i Hødd-sida (lenke)


Ulsteinhallen

(sjå bilde frå handballskulen vinteren 2017 under)

Minne frå Ulstein Cup 2016

(sjå video frå avslutningssekunda mellom Norge-Frankrike Ulstein Cup 2016 under)

Handball for alle

Hødd Handball vil gi eit tilbod til alle aldersklasser. Vi ønskjer at handballspelarane våre opplever meistring og glede både under trening og kamp.

For å lese meir om kva vi står for og måten vi tuftar klubben på, kan du lese vår sportsplan her (lenke) NB! Fungerer ikkje på mobilversjon

Hovudsponsorar

Sponsorar