Lagleiar i Hødd

Nyttig informasjon for deg som lagleiar

(sjå lenker under)

Oppgåver / sjekkliste for lagleiar

  • Sjekk terminliste
  • Spelarliste skal sendast til kasserer i handballgruppa - Torill Gjerde på okonomi@hoddhandball.com (lenke) - i god tid før seriestart. Listene må også sendast til arrangementsansvarlig Liv Tone Ulstein Brunstad på arrangement@hoddhandball.com (lenke). Denne må også verte oppdatert gjennom sesongen om nye spelarar kjem til eller sluttar.
  • Sjekk at spelarar som er lisenspliktige har betalt denne før første kamp. Dersom ein spelar ikkje har betalt etter gjeldande regelverk kan klubben få bot, denne vil då bli belasta den enkelte splerar. Gjer merksam på dette til laget.
  • Lage køyreliste/draktvaskliste for laget, fordel køyring på alle foreldre. Husk at handball er eit lagspel, lat også alle foreldre få "spele på lag"
  • Ferjekort - sjekk om dette er klart til seriestart og er fylt opp til neste kamp. Ferjekortet får du av kasserar i handballgruppa.
  • Drakter skal vere samla i draktbag, dersom ikkje anna er avtalt. Sjekk at dei er klare til kamp. Ved bortekampar - sjekk motstandars farge på drakt, bortelag må skifte draktfarge. Draktene skal leverast inn til sportsleg leiar ved sesongslutt.
  • Ved kamp - fyll ut kamprapport i god tid før kampstart, den får du i sekretariatet.
  • Kvart lag har ei ramme på 3000kr, dette skal td. dekke påmeldingsavgift for laget i ein cup/turnering, - ikkje den enkelte spelar
  • Dersom laget har ønske om inntekstgjevande arbeid eller lotteri skal styret informerast og godkjenne dette. Det same gjeld kontakt med næringslivet for sponsormidlar.


Lisens

Alle spillere og dommere som deltar i organisert håndballaktivitet skal løse lisens fra og med det kalenderåret de fyller 13 år.

Alt du treng å vite om lisens og forsikring finn du på desse nettsidene - LISENS OG FORSIKRING

Aldersinndeling og lisensbeløp 2018-19 finn du her - LISENSBELØP

Frilisens

Norges Håndballforbund har vedtatt å innføre en frilisensordning knyttet opp mot det enkelte spillende lag. Frilisensordningen innebærer at et spillende lag i kamp kan benytte 1 person som ikke har løst personlig lisens. Frilisensen er opprettet for at nye personer lettere skal få anledning til å prøve håndball som aktivitet.

Les meir om frilisens her- FRILISENS

Meld skade

Har du lisens, er du også forsikret i Gjensidige. Håndballjentenes hovedsponsor, Gjensidige, håndterer håndballforsikringen for lisenspliktige spillere i Norges Håndballforbund. Sjekk denne sida dersom ein spelar vert skadd - MELDE SKADE

Verdikort, autopass og oversikt over spelarar

Ansvar og bruk - verdikort

Skjema for å registrere spelarar på laget som du er lagleiar for. Dette skal haldast ajour gjennom sesongen og endringar skal meldast til okonomi@hoddhandball.com

Mal_oversikt_aktive_Hodd_Handball_2012.xls

Bruk av bilder og sosiale media

Bruk av bilde

Ved utlegging av bilder på heimesida vil personane på desse ikkje bli namngitt - om dette ikkje er spurt om i kvart enkelt tilfelle.

Styret ber om at lagleiar på kvart lag innhentar samtykke frå spelarane sine føresette for publisering av lagbilde på heimesida vår og Facebook-sida vår. Dersom ein spelar ikkje ynskjer slik publisering, er det viktig at ein får beskjed om dette. Skjema for samtykke finn du her

Meldingar og endringar kan sendast på media@hoddhandball.com (lenke)

Heimesida

Vi ønskjer at heimesida i første rekke skal vere ei kjelde for praktisk informasjon om klubben og idretten. Det er viktig at all informasjon er oppdatert - og til det treng styret hjelp til dømes ved endringar på trenarar og lagleiarar.

Sosiale media

Vi ønskjer også at både støtteapparat og føresette fortel om stort og smått som skjer i klubben. Send gjerne ein e-post til media@hoddhandball.com med glimt og oppdateringar frå kampar, turnering og trening - som kan leggjast ut på Facebook-sida (lenke) til klubben.

Dokke kan følgje klubben på Instagram @hoddhandball og merk gjerna bilda dine med #høddhandball.

Send også gjerne faglege innspel, eller andre tips.

Heimesida blir no handtert av styremedlem media, Marius Rosbach media@hoddhandball.com (lenke) eller telefon 90 73 67 74.