Visjon og verdiar

Hødd handball delar Hødd IL sin Visjon og Verdiar:

Visjon

Liten, men stor

Hødd handball set breiddeperspektivet høgast og skal vere ein samfunnsutviklar i Ulstein

Hødd handball har vist at ein med små ressursar og lokal forankring kan skape minner langt utover Ulstein sine grenser. Barne- og ungdomsarbeidet i Hødd handball skal skje med aktivitet som gjev glede for den einskilde. Klubben si haldning er at fokus på gode klubbmiljø er vel så viktig som sportslege ambisjonar.

Vi skal saman skape eit positivt aktivitetstilbod for unge i Ulstein ved å arbeide etter handballforbundet sine verdiar: Begeistring, Innsatsvilje, Respekt og Fair play.

Verdigrunnlag

Stolt - Audmjuk – Inkluderande

Stolt

I Hødd er vi stolte av klubben, prestasjonane og aktiviteten. Vi viser dette gjennom stor entusiasme, engasjement og respekt for kvarandre.

Audmjuk

Gjennom «Hødd-ånda» er hardt arbeid, folkeskikk og ærleg spel ein viktig del av grunnfjellet.

Inkluderande

I Hødd tek vi vare på alle og fellesskapet gjev oss styrke. I samarbeid med andre klubbar, næringsliv og det offentlege skal vi utvikle klubben vidare.


Sportsplan - handball for alle

Hødd Handball vil gi eit tilbod til alle aldersklasser. Vi ønskjer at handballspelarane våre opplever meistring og glede både under trening og kamp.

For å lese meir om kva vi står for og måten vi tuftar klubben på, kan du lese vår sportsplan her (lenke)

NB! Fungerer ikkje på mobilversjon