Velkomen til Ulsteinvik 14. - 16. juni 2019

Hødd handball ønskjer alle velkomne til turnering !

Takk for at du deltek på Ulsteincup 2019 - vi skal gjere vårt til at det vert ei god oppleving !

Kampane går i Ulstein Arena og det er gratis inngang - sjekk kampoppsett her

Vil du halde deg oppdatert? Meld deg på Facebook-arrangementet Ulsteincup 2019

(sjå kart over området og meir info under)

Alle deltakarar med A og B-kort får: Fri inngang på «glow party» med DJ Mariann Rosa på Sjøborg kulturhus (lenke), rabatterte billettar til Ulsteinbadet (lenke), Ulstein Cup t-skjorte

I helga arrangerast Smak av Ulstein med konsert, standup, marknadsboder - gode butikktilbod - og mykje anna. Sjå meir på Facebook-sida til Smak av Ulstein (lenke)

Turneringa er for J12 (f.2006), J13 (f.2005), J14 (f.2004) og J16 (f.2002).

Sjekk kampoppsett her (lenke)

Praktisk informasjon:

Deltakarane overnattar på Ulsteinvik barneskule. Innsjekk er obligatorisk for alle lag.

Innsjekk skjer i Ulstein Arena inne i sjølve hallen frå klokka 16:00 på fredag.

Hovudsekreteriatet er der du først bør henvende deg dersom det er noko du lurer på . Det finn du i Ulstein Arena.

Innsjekk må gjerast før ein spelar første kamp og innlosjering på overnattingsplass. Arrangør tar atterhald om ekstra gebyr for ubetalt faktura ved oppmøte. Ta med kvittering på betaling om di betaling ikkje er registrert på påmeldingssida. Ved innsjekk vil lagene få utdelt: T-skjorter, Deltakerkort og diverse.

I hallen: Lurer du på noko? Ta kontakt med ein av cupvertane som har eigne skilt på seg.

Kampinformasjon:

Kampdagar fredag 14. juni, laurdag 15. juni og søndag 16. juni

Speletid innleiande kampar:

J12 og J13: 1 omgang a 15 min

J14 og J16: 1 omgang a 20 min

Speletid finalar:

J12 og J13: 2 omganger a 15 min (5 min pause og sidebytte)

J14 og J16: 2 omganger a 20 min (5 min pause og sidebytte)

Ulstein Cup 2019 er godkjent som en klubbturnering av NHF og følger NHFs turneringsdirektiv.

Lenke til cupreglement

Påmelding lag - 1500 kr

A-kort: 1200 kr

Overnatting fredag til søndag på skule - varm kveldsmat fredag , frokost laurdag, middag laurdag, taco-kveldsmat laurdag, frukost søndag, matpakke søndag .

Ulstein Cup t-skjorte - fri inngang til «glow-party» (over 12 år) med DJ Mariann Rosa på Sjøborg Kulturhus.

B- kort 550 kr

Ulstein Cup t-skjorte - fri inngang til «glow-party» (over 12 år) med DJ Mariann Rosa på Sjøborg Kulturhus.

C-kort 450 kr

Ulstein Cup t-skjorte






Spørsmål? Send ei melding til oss på Facebook-sida vår her (lenke)