Arkiv

Frist for betaling av medlemskontingent

No nyttar IL Hødd systemet Superinvite for registrering og betaling av medlemskontingenten.

NB! Lenke for betaling av kontingent 2019 med frist 1. april

Romjulsturnering 2019 i Ulstein Arena

Takk til alle som kom på tribuna og til dei som var med å lage ei kjekk romjulsturnering i Ulstein Arena. Sjekk bilde frå turneringa her (lenke)

Mini-turnering i Ulstein Arena

Hødd handball arrangerte mini-turnering søndag 18. november 2018

Hødd Handball tok i mot om lag 230 handballspelarar frå kring 40 lag frå Søre Sunnmøre og Ålesund-området til miniturnering i Ulstein Arena søndag. Sjekk arrangement på Facebook (lenke)

Takk for hjelpa! Neste år legg vi lista høgare :-)

58 lag frå 12 klubbar deltok på Ulstein Cup helga 8.-10. juni 2018. Hødd handball takker for hjelpa og er nøgd med gjennomføringa av turneringa . Neste år siktar vi høgare.

Hødd handball arrangerte i helga Ulstein Cup der 58 lag frå 12 ulike klubbar deltok. Alt frå klubbens yngste spelarane på 6-7 år, opp til dei vaksne seniorkvinnene var i aksjon over tre dagar i Ulstein Arena.

Turneringa er den største som handballgruppa til Hødd har arrangert for aldersbestemte lag. Fasilitetane for handball i Ulsteinvik har dei siste åra fått eit skikkeleg løft med Ulsteinhallen og Ulstein Arena, og neste år siktar Hødd handball mot å arrangere ei større turnering

– Dette vart ei fin øving på korleis det er å arrangere slike turneringar. Det er eit stort apparat som må til, med alt frå kiosksal, sekretariat og praktiske oppgåver. Vi er glade for at foreldre og andre viser dugnadsvilje og stiller opp ved slike høve, seier Liv Tone Ulstein Brunstad som er arrangementsansvarleg i Hødd handball.

Motstandarane kom frå 11 ulike klubbar frå Ålesund-området og naboklubbane – men også lag frå Sæbø og Sykkylven hadde teke turen. Ulstein Cup vart avslutta med damekamp mellom Hødd og Hareid, der Hødd overtydde med siger 22-12.

– Vi er nøgd med gjennomføringa og fekk mange gode tilbakemeldingar frå motstandarlaga som var på besøk. Vi avvikla 45 kampar og mange av dei var tette og jamne oppgjer, seier nestleiar Lise Ulstein i Hødd handball.

Fredag kveld målte Hødd J16 og J18 krefter mot Aksla, Spjelkavik, Ørsta, Bergsøy og Valder. Laurdagen starta med at 30 av Hødd sine yngste spelarar møttest til ei miniturnering. Laurdag ettermiddag var Hødd sine to J12-lag samt J13 i aksjon mot mange av sine sterkaste motstandarar. Søndag vart det gjennomført 18 kampar for J10, J11 og G11-klassene. I tillegg var turneringa ein fin anledning for klubbens sine fleire yngre dommarar til å få kampøving.

Meir om Ulstein Cup og resultat frå kampane finn du på denne sida (lenke)

Marina trenar felles 18-årslag

Handballgruppene til Hødd IL, Hareid IL og Bergsøy IL har starta eit felles J18-lag.

Trenar for sesongen 2018/19 vil vere Marina Bazzeo, som nyleg er tilsett som ny hovudtrenar i Hødd handball. Ein ønskjer i første rekke å få til ein fylkesserie med andre J18-lag i Møre og Romsdal, noko det er stor interesse for hos fleire klubbar i fylket.

Prosjektet med eit felles 18-årslag skal vere å samla talentfulle, ambisiøse og treningsvillige spelarar frå dei involverte klubbane. Målet er å ha høg sportsleg kvalitet, som kan gjere spelarar aktuelle for regionale lag. Ein vil også at legge vekt på at det skal vere ein arena for sosial tilhøregheit. Spelarane kan i tillegg spele for lag i eigen klubb.

Laget heiter Bergsøy/Hareid/Hødd og heimebane vil rullere mellom klubbane. Gruppa vil truleg bestå av drygt 20 spelarar og ein tek sikte på at laget har to fellestreningar i veka, i tillegg til trening i eigen klubb. Ein vil samarbeide med toppidrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule med å lage utviklingsplanar for dei enkelte spelarane.

Miljøarbeid i Hødd handball

Overordna miljøkontakt

Hødd handball ønskjer ei/ein eigen overordna miljøkontakt. Denne miljøkontakten har eige budsjettpost til disposisjon som kan nyttast i tråd med formålet til funksjonen. Eit viktig arbeid er å sikre og etablere fungerande miljøkontakter i ulike lag.

Miljøkontakt sitt kontaktledd mot styret er leiar og nestleiar i Hødd handball.

Miljøkontakter i Hødd handball

Miljøkontakter i Hødd handball skal syte for at ein arbeidar med sosiale tiltak i spelar- og foreldregruppe og bistå i ulike lag med slike oppgåver. Miljøkontakt i laga skal samarbeide med overordna miljøkontakt for klubben.

Eksempel på tiltak kan vere:

  • Involvere flest moglege foreldre/foresatte i arbeidet rundt lag
  • Arrangere sosiale møteplass/arrangement for barn og vaksne gjennom sesongen
  • Organisere dugnad i samarbeid med styret og lagleiarar
  • Arrangere og organisere foreldremøter i samarbeid med trener og lagleiarar
  • Skape samhald og begeistring

Vi opplever dagleg engasjement og glede ved at barn, unge og vaksne deltek i aktivitetar i regi av Hødd handball.

Klubben bidreg i å legge til rette for positive folkehelsetiltak for barn og unge i nærmiljøet. Med stor innsats fremjar ein sunne haldningar og sikrar barn eit best og rikast mogleg aktivitetstilbod. I samspel med fleire skal klubben arbeide aktivt for at barn og unge vert prioritert i sine aktivitetsbehov og arbeide for at «framtidas heltar» får drive aktivitetar gratis på kommunen sine idrettsanlegg.

Idrettar opplever store utfordringar i å behalde ungdom i organisert aktivitet. Hødd handball vil sørgje for at ein har fokus på god tilrettelegging av treningskvardagen for den enkelte, og legge til rette for kompetanseheving blant trenarar og leiarar i sin organisasjon. Aktiv organisasjonsutvikling i klubben, saman med tilrettelegging og kompetanse-heving, kan motverke ein av dei største truslane idretten har – ungdomsfråfall.

Klubben har fokus på ungdomsfråfall og klubben skal stimulere ungdomane våre til å fortsette med idrett. For å skape aktivitetsvekst er det naudsynt å legge til grunn eit større perspektiv i treningsarbeidet. Handballen er nøydd til å legge like mykje innsats på dei nest beste som dei beste, for å skape og gi rom for mangfaldet. Det vil alltid vere barn og unge som vil trene like mykje som dei beste. Nokre vil trene mykje utan å satse og andre er med av sosiale grunnar. Det som kan vere med på å redusere fråfall frå idretten, er å ha eit særskilt fokus på heilskapen i treningsarbeidet.

Barne- og ungdomsarbeidet må vere forankra i aktivitet som gjev glede. Fokus på gode klubbmiljø er vel så viktig som sportslege ambisjonar. Hødd handball ønsker at handballen sitt verdigrunnlag vert fremja. Det skal skapast positive aktivitetstilbod som er lystbetonte for utøvarane med instruksjon som er prega av høg fagleg standard. Som klubb er vi medvite vårt ansvar å ta godt vare på alle som har lyst til å spele handball.

Har du spørsmål? Ta kontakt med styret - se kontaktinfo under menypunktet Om Hødd handball (lenke)