Aktuelt

Miljøarbeid i Hødd handball

Overordna miljøkontakt

Hødd handball ønskjer ei/ein eigen overordna miljøkontakt. Denne miljøkontakten har eige budsjettpost til disposisjon som kan nyttast i tråd med formålet til funksjonen. Eit viktig arbeid er å sikre og etablere fungerande miljøkontakter i ulike lag.

Miljøkontakt sitt kontaktledd mot styret er leiar og nestleiar i Hødd handball.

Miljøkontakter i Hødd handball

Miljøkontakter i Hødd handball skal syte for at ein arbeidar med sosiale tiltak i spelar- og foreldregruppe og bistå i ulike lag med slike oppgåver. Miljøkontakt i laga skal samarbeide med overordna miljøkontakt for klubben.

Eksempel på tiltak kan vere:

  • Involvere flest moglege foreldre/foresatte i arbeidet rundt lag
  • Arrangere sosiale møteplass/arrangement for barn og vaksne gjennom sesongen
  • Organisere dugnad i samarbeid med styret og lagleiarar
  • Arrangere og organisere foreldremøter i samarbeid med trener og lagleiarar
  • Skape samhald og begeistring

Vi opplever dagleg engasjement og glede ved at barn, unge og vaksne deltek i aktivitetar i regi av Hødd handball.

Klubben bidreg i å legge til rette for positive folkehelsetiltak for barn og unge i nærmiljøet. Med stor innsats fremjar ein sunne haldningar og sikrar barn eit best og rikast mogleg aktivitetstilbod. I samspel med fleire skal klubben arbeide aktivt for at barn og unge vert prioritert i sine aktivitetsbehov og arbeide for at «framtidas heltar» får drive aktivitetar gratis på kommunen sine idrettsanlegg.

Idrettar opplever store utfordringar i å behalde ungdom i organisert aktivitet. Hødd handball vil sørgje for at ein har fokus på god tilrettelegging av treningskvardagen for den enkelte, og legge til rette for kompetanseheving blant trenarar og leiarar i sin organisasjon. Aktiv organisasjonsutvikling i klubben, saman med tilrettelegging og kompetanse-heving, kan motverke ein av dei største truslane idretten har – ungdomsfråfall.

Klubben har fokus på ungdomsfråfall og klubben skal stimulere ungdomane våre til å fortsette med idrett. For å skape aktivitetsvekst er det naudsynt å legge til grunn eit større perspektiv i treningsarbeidet. Handballen er nøydd til å legge like mykje innsats på dei nest beste som dei beste, for å skape og gi rom for mangfaldet. Det vil alltid vere barn og unge som vil trene like mykje som dei beste. Nokre vil trene mykje utan å satse og andre er med av sosiale grunnar. Det som kan vere med på å redusere fråfall frå idretten, er å ha eit særskilt fokus på heilskapen i treningsarbeidet.

Barne- og ungdomsarbeidet må vere forankra i aktivitet som gjev glede. Fokus på gode klubbmiljø er vel så viktig som sportslege ambisjonar.

Hødd handball ønsker at handballen sitt verdigrunnlag vert fremja. Det skal skapast positive aktivitetstilbod som er lystbetonte for utøvarane med instruksjon som er prega av høg fagleg standard.

Som klubb er vi medvite vårt ansvar å ta godt vare på alle som har lyst til å spele handball.

Har du spørsmål? Ta kontakt med styret - se kontaktinfo under menypunktet Om Hødd handball (lenke)