Hødd handball

IL HØDD HANDBALL Postboks 248 6067 Ulsteinvik

Velkomen til turnering i Ulsteinvik 8.-10. juni

Sjå invitasjon under

trykk her for å opne i eiga fane (delbar lenke)


Hødd, Bergsøy og Hareid startar felles J18-lag

Handballgruppene til Hødd IL, Hareid IL og Bergsøy IL er samde om å starte eit felles J18-lag.

Trenar for sesongen 2018/19 vil vere Marina Bazzeo, som nyleg er tilsett som ny hovudtrenar i Hødd handball. Ein ønskjer i første rekke å få til ein fylkesserie med andre J18-lag i Møre og Romsdal, noko det er stor interesse for hos fleire klubbar i fylket.

Prosjektet med eit felles 18-årslag skal vere å samla talentfulle, ambisiøse og treningsvillige spelarar frå dei involverte klubbane. Målet er å ha høg sportsleg kvalitet, som kan gjere spelarar aktuelle for regionale lag. Ein vil også at legge vekt på at det skal vere ein arena for sosial tilhøregheit. Spelarane kan i tillegg spele for lag i eigen klubb.

Laget heiter Bergsøy/Hareid/Hødd og heimebane vil rullere mellom klubbane. Gruppa vil truleg bestå av drygt 20 spelarar og ein tek sikte på at laget har to fellestreningar i veka, i tillegg til trening i eigen klubb. Ein vil samarbeide med toppidrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule med å lage utviklingsplanar for dei enkelte spelarane.

Kjenner du nokre jenter født i 2006 eller 2007?

No har dei sjansen til å prøve seg på handball utan å bli bunden.

Den flotte gjengen som blir J12-lag neste handballsesong ønskjer fleire med i gruppa si. Dei inviterer derfor jenter som er født 2006 og 2007 til å bli med på treningane våra fram til medio juni.

Vi har trening tysdag kl. 1730 - 1830 og onsdag kl. 1700 - 1830 i Ulsteinhallen.

Velkomen til trening ilag med oss!!!

Siste nyheitsbrev frå Hødd handball

I nyheitsbrevet får du oversikt over siste nytt frå klubben

Gå til siste nyheitsbrev her (lenke)

Vil du følgje med på kva som skjer?

Via vår Facebook-side (lenke) kan du halde deg oppdatert om stort og smått som skjer i klubben. Her på heimesida finn du i første rekkje praktisk informasjon. Saknar du noko? Send ein epost til media@hoddhandball.com

Vil du spele handball ?

Sjå under menypunktet Sport og trening for treningstider og anna informasjon.

Har du spørsmål? Send melding til Hødd Handball på Facebook (lenke)

Vi har plass til deg ! Det er berre å møte opp : )

Meir om medlemskap og treningstider på Spelar i Hødd-sida (lenke)

Er du vår miljøkontakt?

Hødd handball er jakt etter ein engasjert person som vil gjere ein innsats på tvers av klubben - saman med styret, sportsleg utval og miljøkontaktene i laga.

Den overordna miljøkontakten har eige budsjettpost til disposisjon som kan nyttast i tråd med formålet til funksjonen. Eit viktig arbeid er å sikre og etablere fungerande miljøkontakter i ulike lag. Miljøkontakt sitt kontaktledd mot styret er leiar og nestleiar i Hødd handball.

Meir under menypunktet Aktuelt (lenke)

Jenter fødd i 2004 er «satsingskull» før handball-EM på heimebane i 2020. Jenter 13-laget til Hødd handball ønskjer fleire medspelarar velkomne på laget. Euro 2020 arrangerast i Norge og Danmark – og Trondheim er mellom kampstadene.

Meir om medlemskap og treningstider på Spelar i Hødd-sida (lenke)


Ulsteinhallen

(sjå bilde frå handballskulen vinteren 2017 under)

Minne frå Ulstein Cup 2016

(sjå video frå avslutningssekunda mellom Norge-Frankrike Ulstein Cup 2016 under)

Handball for alle

Hødd Handball vil gi eit tilbod til alle aldersklasser. Vi ønskjer at handballspelarane våre opplever meistring og glede både under trening og kamp.

For å lese meir om kva vi står for og måten vi tuftar klubben på, kan du lese vår sportsplan her (lenke) NB! Fungerer ikkje på mobilversjon

Hovudsponsorar

Sponsorar