Hødd handball

IL HØDD HANDBALL Postboks 248 6067 Ulsteinvik

Takk for eit godt årleg møte!

15 personar møtte til årleg møte i Hødd handball måndag kveld (12. februar) i Ulsteinhallen.

Les protokoll her (signert)

Forsamlinga ønska velkomen Liv Tone U Brunstad og Stig Mattis Aksnes som nye medlemar i gruppestyret 2018/19.

Samstundes takkar vi Siv-Mette Møller og Erik Leenders for deira innsats i styret.

– Eg takkar særskilt alle frivillige, spelarar, lagleiarar, trenarar og andre som legg ned mange arbeidstimar for klubben, skriv leiar Jarl Martin Møller i årsmeldinga. Les gjerne årsmeldingane til dei ulike laga i protokollen - for å sjå korleis deira sesongar har vore.

Hødd handball driv med god økonomi og har i løpet av året teke i bruk nye Ulstein Arena som saman med Ulsteinhallen gir klubben fantastiske fasilitetar.

Styret vil gjerne helde fram med å bygge klubben og sett pris på at det årlege møtet ga si tilslutning følgjande konkrete tiltak:

  • Ein større revisjon av sportsplanen (sjå noverande)
  • Engasjere ein felles hovudtrenar frå ungdomsklassene og oppover (ca. halv stilling).
  • Gjennomføre ein fellesdugnad i 2018 (turnering i våre nye flotte hallar?)

Les protokoll her (lenke) med rekneskap og godkjend budsjett.

Skal du sitje i sekretariat? Då gjer du lurt i å ta ein titt på denne videoen (fungerer ikkje på mobil). Sjå også meir informasjon på sida for Sekretariat (lenke)

Er du vår miljøkontakt?

Hødd handball er jakt etter ein engasjert person som vil gjere ein innsats på tvers av klubben - saman med styret, sportsleg utval og miljøkontaktene i laga.

Den overordna miljøkontakten har eige budsjettpost til disposisjon som kan nyttast i tråd med formålet til funksjonen. Eit viktig arbeid er å sikre og etablere fungerande miljøkontakter i ulike lag. Miljøkontakt sitt kontaktledd mot styret er leiar og nestleiar i Hødd handball.

Meir under menypunktet Aktuelt (lenke)

Vil du bli medspelar til Hødd 2020?

Jenter fødd i 2004 er «satsingskull» før handball-EM på heimebane i 2020. Jenter 13-laget til Hødd handball er i dag ei lita gruppa og ønskjer fleire medspelarar velkomne på laget. Euro 2020 arrangerast i Norge og Danmark – og Trondheim er mellom kampstadene.

Meir om medlemskap og treningstider på Spelar i Hødd-sida (lenke)


Ulsteinhallen

Vi har plass til deg ! Det er berre å møte opp : )

Meir om medlemskap og treningstider på Spelar i Hødd-sida (lenke)

(sjå bilde frå handballskulen vinteren 2017 under)

Minne frå Ulstein Cup 2016

(sjå video frå avslutningssekunda mellom Norge-Frankrike Ulstein Cup 2016 under)

Handball for alle

Hødd Handball vil gi eit tilbod til alle aldersklasser. Vi ønskjer at handballspelarane våre opplever meistring og glede både under trening og kamp.

For å lese meir om kva vi står for og måten vi tuftar klubben på, kan du lese vår sportsplan her (lenke) NB! Fungerer ikkje på mobilversjon

Hovudsponsorar

Sponsorar