Lærarinfo

Søke- og informasjonstenester for lærarane eller med spesielle lærartilgangar.

AV-sentralen (kun for lærarar)

Gratis nedlasting av over 2600 program som har gått på NRK, m.a. mange BBC-program. Programma kan lagrast på datamaskina sin harddisk, minnepinne eller ekstern harddisk. Opptaka skal brukast i skulesamanheng og kan ikkje delast med andre enn godkjente brukarar.

Spør biblioteket om hjelp til registrering eller nedlasting dersom du har behov for det.

Filmrommet (kun for lærarar)

Nettbasert klikkefilmteneste som tilbyr skolar, bibliotek og offentlege institusjonar tilgang til over 2400 filmar. Søking er tilgjengeleg for alle, men framvising berre tilgjengeleg for tilsette på Bergen Katedralskole.

Undervisningsvideoar i mange fag. Innlogging med Feide. Lærarar kan sjølv legge inn klassar og elevane loggar også inn med Feide, sjå elles brukarrettleiinga.

Nettbasert læremiddel som lar elevar og lærarar skape flotte digitale forteljingar, tekineseriar, filmar, podkastar, lydmiksar, tankekart og presentasjonar. Innlogging med Feide.

Videoressurs for framandspråklærarar. Innlogging via Feide.
Ta kontakt med skulebiblioteket dersom du treng tilgang.

Elevkanalen (TV2)

Læremiddelportal med både gratis og betalt innhald frå fleire forlag, organisasjonar og mediehus. Alt innhald er knytta opp mot kompetansemåla i fagfornyinga og læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Lovdata Pro (litt ekstra lærarsnadder)

Rettslærelærarane har eigen tilgang med brukarnamn og passord. Eventuelle andre lærarar som treng tilgang til Lovdata Pro må ta kontakt med biblioteket.

Vanleg Lovdata fungerer overalt.

Elevane har tilgang til bibliotekversjonen av Lovdata Pro når dei er på skulen sitt nett, denne tilgangen har ikkje lærarar.


IB Questionbank (kun for IB-lærarar i realfaga)

The Questionbank searchable online databases contain hundreds of examination questions, markschemes, and subject reports that align with the current International Baccalaureate syllabi for various subjects.

New IB science teachers who needs access should contact the school library.


Lydbøker til elevar med dokumenterte lese-/skrivevanskar

Elevar med dokumenterte lese-/skrivevanskar har rett på lydutgåver av lærebøker og annan litteratur.

På BKS: Rådgjevarar får sjå dokumentasjonen og gjer beskjed vidare til Eva som registrerer elevane hjå Statped/NLB og bestiller andre lydutgåver der det er naudsynt. Lånerett hjå Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek er også gyldig etter vgs. Elevar brukar appen Lydhør for å høyre bøker frå NLB.

På Kyrre: Janne tar seg av det praktiske.


Studienett - gratis lærartilgang

Info om gratis lærartilgang til Studienett: Lærarar kan få gratis tilgang til Studienett.no ved å følge instruksen på denne nettsida: https://www.studienett.no/faq/studienett-vip/jeg-er-laerer-kan-jeg-faa-gratis-tilgang-til-studienett


Britannica School Edition (litt ekstra lærarsnadder)

Leksikon med profesjonelle forfattarar, tilgang til mange primærkjelder og kvalitetssikra nettsider. Artiklar på tre forskjllige nivå gjer det veleigna for alle elevar, uansett engelskkunnskapar. All tekst kan lesast høgt og ordbok er innebygd.

Alle brukarar kan opprette sitt eige område på My Britannica der ein kan lagre artiklar, dele med andre, m.m. Lærarar får tilgang til ein del ekstraressursar, m.a. kopling mot IB-læreplanar, ved å registrere seg med skolekode. Koden får du på skolebiblioteket.


JSTOR og andre artikkeldatabasar (også for elevane)

JSTOR is a growing digital library of academic journals, books and primary sources. Articles and books can be read online, downloaded and shared with others. Search and research help can be found in the JSTOR LibGuiddes, the JSTOR student support page and in our JSTOR Workspace video.


Klasse- og gruppesett på BKS

Lærarane kan reservere klassesett på skulebiblioteket. Det greiaste for bibliotekaren er at elevane sjølv kjem og lånar bøkene. Dersom det er vanskelig kan læraren ta med seg settet og administrere utlånet til elevane.


Lån bibliotekarane

Bibliotekarane på Bergen Katedralskole kan komme ut i klassar (også på VO og Kyrre), til mindre grupper, til enkeltpersonar eller på lærarsamlingar, og orientere om forskjellige ting på norsk eller engelsk. Vi er gjerne også med på opplegg over fleire timar.

  • Informasjon om bibliotektenesta på BKS

  • Søking og bruk av Atekst, Britannica school edition, JSTOR, Nasjonalbiblioteket/Bokhylla sine søketenester, AV-sentralen, TV2 Elevkanalen. andre databasar eller generell søking på Internett.

  • Informasjonskompetanse - Informasjonssøking, kjeldekritikk og kjeldehenvisningar

  • Zotero (Referansehandteringsverktøy)

  • Bokpresentasjonar - leseprosjekt

  • Arbeid med fordjupningsemne / Extended Essay / andre oppgåver

  • E - lån Hordaland - Bookbites

  • og anna - spør, så ser vi kva vi får til


Kontakt biblioteket og avtal emne, tid og stad.