Lån bibliotekaren!

Bibliotekaren på Bergen Katedralskole kan komme ut i klassar (også på VO og Kyrre), til mindre grupper, til enkeltpersonar eller på lærarsamlingar, og orientere om forskjellige ting på norsk eller engelsk. Ho er gjerne også med på opplegg over fleire timar, spesielt når det blir lagt vekt på informasjonssøking og/eller kjeldekritikk.


  • Informasjon om bibliotektenesta på BKS
  • Søking i Atekst, Britannica online, JSTOR, andre databasar eller generell søking på Internett
  • Kjeldekritikk og kjeldehenvisningar
  • Zotero (Referansehandteringsverktøy)
  • Bokpresentasjonar - leseprosjekt
  • Arbeid med fordjupningsemne / Extended Essay / andre oppgåver
  • E-lån Hordaland - eBokBib
  • Ordnett pluss
  • Diverse sosiale media
  • Skylagring
  • og anna - spør, så ser vi kva vi får til


Kontakt biblioteket og avtal emne, tid og stad.