Kjeldekritikk

Evaluate your sources

Når du skal vurdere kjeldene dine er det lurt å følge hugseregelen TONE.

Er kjelda

  • Truverdig?

  • Objektiv?

  • Nøyaktig?

  • Eigna?

Truverdig:

Kven har skrive teksten eller laga videoen? Kva veit du om forfattaren (utdanning, stilling)? Kven eig nettsida eller står som utgivar av boka? Har nettstaden ein redaktør? Finn du kontaktinformasjon?

Objektiv:

Er informasjonen objektiv eller partisk? Er informasjonen balansert eller einsidig? Virkar det som om hensikta med informasjonen er å informere, eller prøver den å overbevise deg om noko eller selje deg noko?

Nøyaktig:

Er informasjonen oppdatert? Er det fakta eller meiningsytring? Er informasjonen omfattande og nøyaktig? Viser informasjonen til kjelder for informasjonen sin? Kan informasjonen verifiserast i andre kjelder?

Eigna:

Er kjelda eigna til det du skal bruke den til? Får du svar på det du lurar på?

Run your research through your BS-o-meter
How to spot fake news

Nokre nettstader som kan vere nyttige når du skal evaluere kjelder:

Faktisk.no - driv uavhengig faktasjekk av samfunnsdebatten og det offentlege ordskiftet i Noreg. Dei har også undervisningsopplegg for ungdom i kritisk mediebruk og kjeldemedvit på https://tenk.faktisk.no/

Kritisk medieforståelse - Medietilsynet

Stopp, tenk, sjekk. Slik avslører du desinformasjon og falske nyheter - Medietilsynet,

Verificaton guide (photos) - about verifying photos and how to discover how photos have been changed to further special messages

FactCheck.org - nonpartisan, nonprofit - aims to reduce the level of deception and confusion in U.S. politics. A project of the Annenberg Public Policy Center of the University of Pennsylvania.

Snopes.com - independent, self-sufficient and owned by its operators. Often appears on "Best of the Web" lists.

Kildekompasset - Nettstad om kjeldekritikk, referansestilar og lovgigning. Utgitt av HSN, UiS og UiA.


Fleire norske nyhetskjelder har også faktasjekk på politikarar, spesielt i valkamptida. Bruk "faktasjekk" som eit av søkeorda dine.