Kjeldehenvisningar

kvifor og korleis

Respekter opphavsretten - del rett!

Opphavsrett er ganske komplisert og det hjelper ikkje å bruke korrekt kjeldehenvisning dersom du delar utover det som er lov. Her kan DelRett sine nettsider vere til god hjelp, m.a. har dei nokre praktiske guidar for elevar og lærarar.

Det er fleire grunnar til at du skal oppgi kva for kjelder du har brukt.

  • Du skal anerkjenne andre forfattar sitt arbeid
  • Du skal vise at du har sett deg inn i emnet
  • Du skal sette arbeidet ditt inn i ein større fagleg samanheng
  • Du skal vise at du beherskar teknikken med å oppgi kjelder
  • Du skal gi lesarane dine anledning til sjølv å sjekke kva som står i kjeldene dine

Feil eller manglande bruk av kjelder blir kalla plagiering.


Referanselister og referansestilar

Lengst bak i oppgåva skal det stå ei referanseliste/kjeldeliste. Det er lurt å notere ned navnet på referansene sine undervegs, slik risikerer du ikkje å gløyme nokon når du skal lage lista.

Det finst fleire såkalte siteringsstilar eller referansestilar, men felles for dei alle er at dei gir ein fast måte å behandle referansar på. Sjekk med læraren din om det er ønskeleg med ein spesiell referansestil, som f.eks. MLA eller APA. Dersom du sjølv kan velge stil er det viktigaste at du brukar den valte stilen gjennom heile oppgåva.


Lær mer om referanseteknikk hos nokre av desse:

Lær mer om referanseteknikk på Søk og skriv

Korleis vise til referansar i teksten

I den løpande teksten skal du vise til kjelder i referanselista: Dette gjer du ved å skrive forfatteren sitt etternavn og utgivelsesåret i parentes.

Dersom du flettar forfatternamnet inn i teksten, skal du berre sette årstalet i parentes. I staden for personleg forfatter kan det vere ein institusjon, nokre gonger berre ein tittel.

Sitering: Når du brukar direkte sitat, skal henvisninga alltid innehalde sidetalet dersom teksten du siterer har sidetal.

Bruk referanseverktøy!

Det er heldigvis ikkje nødvendig å gjere alt arbeidet med å sette opp referanselister manuelt.

Skolen anbefalar at du brukar Zotero. Programmet er gratis, fungerer på pc og Mac og i både Word, Google Docs og Open Office.

Dersom du brukar Word så har dei også sitt eige referanseverktøy, men det er gjerne endå betre å bruke Zotero.