Fordjupingsemne

Fordjupingsemnet i norsk er ei fordjupingsoppgave omkring ei sjølvvalt problemstilling med tema frå norskfaget.

Du vel sjølv kva for del av norskfaget du vil ta utgangspunkt i. På denne sida finn du tips om val av tema og om bruk av biblioteket.

Biblioteket kan hjelpe med:

Bibliotekkatalogen vår

På skolebiblioteket kan du låne:

  • Skjønnlitteratur - fysiske bøker: frå lånedato til innleveringsdato for oppgåva. (Skjønnlitteratur som vi ikkje har, men bør ha til seinere, blir innkjøpt i den grad vi har råd og boka er tilgjengeleg for sal.)
  • E-bøker: i 4 veker. Kan lånast på nytt så mange gonger du vil så lenge ingen andre ventar på den. Last ned appen eBokBib frå GooglePlay eller AppStore.
  • E-bøker frå bokhylla.no kan lesast direkte på nettet for alle med norske IP-adresser, men ikkej lastast ned.
  • Sekundærlitteratur/faglitteratur (dvs. bøker om emnet/forfattaren) - 4 veker (kan forlengast med 4 veker ved forfallsdato dersom ingen andre står på ventelista).
  • Filmer - 1 veke - Kan også forlengast med 1 veke dersom ingen andre ventar.

Tidsskrift- og avisartikler:

  • Finn lenker til tidsskrift- og avisartiklar på skolebiblioteket si artikkelside.


Nyttige lenker:

Fjernlån:

Biblioteket kan skaffe bøker frå andre bibliotek dersom vi ikkje har de sjølv, men for slike bøker er det berre 4 vekers lånetid (kan forlengast dersom ingen andre står på ventelista). Dersom bøkene finst på andre bibliotek i Bergen må du sjølv gå dit og låne.

Du kan komme innom biblioteket eller kontakte bibliotekaren på e-post, på telefon 55 33 82 22 eller ved å sende melding til Eva Mostraum på It's learning.