Søking i Atekst

Atekst er det største avisarkivet i Norden med fulltekstartiklar frå over 300 norske aviser og tidsskrift. For eksempel kan du finne VG-artiklar frå heilt tilbake til 1945, Aftenposten frå 1983, BT frå 1992 og BA frå 2007. Det kan ta nokre dagar før heilt nye artiklar blir tilgjengelege. Du får tilgang via lenka "A-tekst søk" i toppmenyen på It's learning.

Eksempeloppgåver

Sjå gjerne alle videoane før du prøver deg på oppgåvene.

Prøv å ende opp med færre enn 10 artiklar. Hugs å utnytte dei forskjellige felta og gjer avgrensingar der du kan.

  1. Bruk utvida søk til å finne artiklar om angrepa i New York 11. september 2001. Finn artiklar om terroristane frå kort tid etter angrepet, frå nokre år etter angrepet og frå det siste året.
  2. Bruk fritekstsøket og finn ut kva bergenspolitikarane eigentleg har sagt om sykkelvegar i kommunevalkampen dei siste ca. 20 åra? Sjå spesielt på kva dei partia som har fått makta etter dei forskjellige vala har lova. Bruk operatorer, parentesar og frasesøk for å avgrense søket ditt. Hugs også avgrensing på tidsrom og kjelder.

Du kan også få mange gode søketips i Atekst/Retriever sin eigen brukarmanual - Atekst sin brukarmanual (pdf)