Vurderingsverktøy for kartlegging og oppfølging av elevar med rett til særskild språkopplæring

Opplæringsavdelinga har saman med Høgskulen på Vestlandet og lærarar med norsk som andrespråk i HFK, utvikla eit vurderingsverktøy for kartlegging av norskferdigheitene til minoritetsspråklege elevar.

I følge opplæringslova § 3-12 skal fylkeskommunen:

"kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen".

Vurderingsverktøyet er utvikla for å støtte skulane i arbeidet med å kartlegge elevane sin dugleik i norsk: 1) som grunnlag for å kunne gjere vedtak om særskild språkopplæring, og 2) som grunnlag for det vidare pedagogiske arbeidet med språk og tilrettelegging i klasserommet. På sikt er målsettinga at vurderingsverktøyet òg skal inkludere forslag til pedagogiske opplegg for elevgruppa.

(Klikk på biletet for å sjå fleire skjermbilete)

Verktøyet består av ei skriftleg og ei munnleg prøve, samt ei leseprøve (leseprøven vil vere klar våren 2020). Prøvene finst på både nynorsk og bokmål, og er tilpassa elevar i aldersgruppa 16-19 år. Til den skriftlege og munnlege prøva er det utvikla vurderingsskjema og rettleiing for vurdering. Verktøyet inkluderer også eksempelsvar med vurdering av munnleg og skriftleg produksjon. Verktøyet nyttar nivåskalaen i Det felles europeiske rammeveket for språk (Europarådet, 2001, oversatt til norsk ved Udir, 2011), og måler på nivåa A1, A2, B1 og B1+. Nivå B1+ svarer til Utdanningsdirektoratets Nivå 3. Oppgåver, vurderingsskjema og eksempelsvar ligg på ein passordbeskytta nettstad.

Opplæringsavdelinga tilrår at skulane nytter kartleggingsverktøyet og sender lærarar på kurs i bruk av verktøyet.

Lærarar som deltek på kurs får tilgang til verktøyet på kurset. Skular som ønskjer tilgang til verktøyet utan å delta på kurs, kan ta kontakt med Opplæringsavdelinga v/Svein Olav Norenes på e-post: svein.olav.norenes@hfk.no

Skular som ikkje vel å nytte verktøyet må informere om val av anna godkjent verktøy.

Kurs våren 2019

Halvdagssamlingar:


Skriftleg vurdering

Dato: 27. mars

Tidspunkt: kl 11.00-14.30

Stad: Kvinnherad vgs.

Program Påmelding


Munnleg vurdering

Dato: 24. april

Tidspunkt: kl 11.00-14.30

Stad: Kvinnherad vgs.

Program Påmelding


(tiltenkt skular i Hardanger og Sunnhordaland)

Dagssamlingar:


Skriftleg og munnleg vurdering

Dato: 3. april

Tidspunkt: 09.00 - 15.30

Stad: Bergen Sentrum (nærare plassering kjem)

Program Påmelding


Skriftleg og munnleg vurdering

Dato: 10. april

Tidspunkt: 09.00 - 15.30

Stad: Bergen Sentrum (nærare plassering kjem)

Program Påmelding

Pålogging

1. Gå til verktøyet:

2. Velg 'Logg på via Hordaland Fylkeskommune'

3. Velg Hordaland Fylkeskommune som tilhørighet og velg på 'Fortsett'

4. Skriv inn brukernavn og passord i HFK og velg 'Logg inn'.