Sikring av ulike arenaer

Mål: Alle skulen sine arenaer, som t.d. skulegard, skuleveg, garderobe og gymnastikksal, skal vera trygge.

Tiltak:

  • Skulen sitt inspeksjonssystem skal oppdaterast etter behov. Alle vaksne skal bry seg, uansett om dei har inspeksjonsoppgåver eller ikkje.
  • Rutinane ved avvikling av kroppsøvingstimar er klare
      • Mobiltelefonbruk på skulen er generelt forbode, og det blir strenge konsekvensar dersom ein oppdagar slike i gymnastikkgarderobar.
      • Vent til læraren kjem før ein går til garderobane.
      • Læraren skal vera spesielt oppmerksam kring det utrygge ved å dusja/vera naken. I særlege høve kan det vera behov for at det er ein vaksen av same kjønn til stades i både jente- og guttegarderoben.
  • Det skal vere ein eigen bussvakt medan elevane ventar på skulebussen.
  • Vaktene må sjå til at alle elevane kjem inn til timen etter friminuttet. Dei må melde frå til andre vaksne dersom dei ikkje sjølv kan følgje opp evt. elevar som ikkje kjem inn etter friminuttet.