Val.
Saken val behandlast av Valkomitéen.
Saken val behandlast av Valkomitéen.
Sakel val er ei personleg og sensitiv sak som skil seg frå andre sakar som skal behandlast under Elevforsamlinga. Alle deltakarar, kandidatar, Valkomitéen og andre personar som er innblanda i valprosessen er ansvarlege for at valet blir demokratisk, ryddig og ei best mogleg oppleving.
På Elevforsamlinga skal me supplera fylkesstyret. Desse plassane skal veljast:
Nestleiar (1)
Distriktskomitérepresentant (1)
Vi treng også medlemmar til valkomitéen:
Valkomitémedlem (3)
For å stille til val sender du ein e-post til valgkom.vestland@elev.no.
Eit eksempel på korleis e-posten din kan sjå ut ser du nedanfor:
" Hei!
Eg ynskjer med dette å offentleggjere mitt kandidatur til vervet
som verv for perioden 2025-2026.
Med venleg helsing,
Namn Namnesen
Elev på skule "
Om du har spørsmål, kan du kontakte Valkomitéen på valgkom.vestland@elev.no, 400 67 380, eller kontakte valombodet.
Valombodet er ein uavhengig tredjepart i saken val. Valombodet er tilgjengeleg for alle som er involvert i saken val, eller for dei som berre treng nokon å snakke med om valet.
Valombodet under elevforsamlinga er Victoria Madelen Kjeksrud.
Ho er tilgjengeleg på victoria@elev.no, og 960 49 056.
Valprosessen begynner med at du stiller til val. Det som skjer etter er at du blir kontakta av valkomitéen for å bli intervjua. Valkomitéen er ei gruppe med veldig hyggelege folk, og under intervjuet kan du stilla spørsmål og ta pauser om du treng det. Ut i frå det valkomitéen får vite, kjem dei med ein innstilling på kven dei tenkjer skal sitje i fylkesstyret. Under saka val, vil valkomitéen redegjøre for sin instilling. Deretter er det opp til Elevforsamlinga kven som blir vald.
Om du stiller til val men ikkje blir innstilt, kan du benke. Dette betyr at du fortel valkomitéen at du framleis vil ha sjans å bli vald. Etter valkomitéen kjem med sin innstilling, har du éin time på å fortele valkomitéen at du ynskjer å oppretthalde ditt kandidatur (altså at du framleis vil bli vald). Når du benker veljer du enten ein person eller ein open plass som du vil gå til val mot.
Under saken val, vil du og den kandidaten du benker på få halde ein tale, og kvar av dykk kan få ein person til å halde ein støttetale. Etter dette vil det bli halde personval, der alle delegatane vil skrive kven dei stemmer på. Den med flest stemmer vil bli vald. Meir info om korleis personval fungerer finn du i møtereglane § 20.