Sidan me skal være kan det vere lurt at du har ein Skyss 30-dagars ungdomsbillett. Med denne kan du reise med fleire transportmiddel og transportselskap. For meir info om kva transportmiddel du kan bruke med billeten, kan du sjå Skyss sin side. OBS! Nokre transportmiddel krev at du reserverer en plass om bord før reisen. Sjå nettstaden til transportselskapet før reisen.
Om du ikkje har billett frå før, kan du kjøpe enkeltbillett. Om du er under 18 kan du kjøpe barnebillett for 25kr, og om du er over 18 kan du kjøpe studentbillett for 29kr (Alle som går på vidaregåande skule kan bruke denne. Hugs skulebevis).
Me dekkjer berre éin reise til og éin reise frå skulen. Dersom du ynskjer å sove heime, må du dekkje desse ekstrareisane sjølv.
Til skulen kan man ta mange forskjellige bussar. Sjå skyss sin reiseplanleggar.
For å kome deg til Bergen, kan du nytte deg av monge ulike alternativ, men hugs at me berre dekkjer billigaste reise. Dersom du har ein ungdomsbillett, vil du kunne reise gratis med nesten alle kollektive transportmiddel i Vestland. Sjå rubrikken ved siden av.
For meir detaljert reiseinfo, sjå entur.no sin reiseplanleggjar. Vær obs på at 30-dagars ungdomsbillett ikkje gjeld på fjerntog F4 Bergensbanen.
Om du er usikker på korleis du skal kome deg til skulen, kan Entur eller Skyss sine reiseplanleggjarar vere løysingen! Dei finn du på entur.no og reise.skyss.no. Om du har andre spørsmål rundt reise, eller ikkje veit korleis du skal planlegge reisen, er det berre å ta kontakt med deltakeransvarleg Anastasia Simpson anastasia.simpson@elev.no!
Reise til arrangementer som me arrangerer skal vere gratis. Om du måtte kjøpe billett for å kome deg til Årsmøtet vårt, må du fylle ut ei reiserekning. Hugs at me berre dekkjer billegaste reise. Reiserekning må vere sendt inn seinast 4 veker etter endt reise.
På nesten alle kollektive transportmiddel i Vestland får du enten reise gratis eller med redusert pris dersom du har ein skyss 30-dagars ungdomsbillett.
Norled sine ferjar: Gratis mot reservasjon, sjå norled.no.
Vy buss: Bruk koden "ungvest" for redusert pris. Sjå vybuss.no.
Nor-Way: Gratis, men det kan vere lurt å reservere sete. For å reservere sete, sjå nor-way.no. Bruk ein av desse rabattkodane:
"Skyss" for Kystbussen
"Ungvest" for Fjordekspressen
"SkyssSogn" for Sognefjordekspressen
"SkyssSeteHaukeli" for Haukeliekspressen
"Skyss162" for Øst-Vestekspressen
For meir info frå Skyss om kvar du kan bruke ungdomsbilletten, sjå skyss.no.
For å få dekt reisa må du benytte deg av billigaste reise.